tysdag 30. november 2010

Julegåvetips # 3 - Smekkesett, med utlodning!

Nok ei babygåve i økologisk bomullsflanell! Eg har laga til smekkepakkar i butikken i fire ulike variantar, av ein slik pakke kan ein sy ei stor smekke eller to små siklesmekker, samt ein gulpeklut som mor eller far kan ha over skuldra, og av restane kan ein lage ein liten koseklut til baby! I pakken legg eg ved mønster til enkle smekker (både store og små og med spiss og rund variant på dei små) og syforklaring til heile pakken. Smekkene og gulpekluten er like fine på begge sider, og har eit mellomlag av kvit flanell.
Pakken er å få med rosa eller turkis kaninmønster og rosa/brunt eller turkis/grønt uglemønster. Eg har sydd opp to testmodellar, den med kaniner over der eg laga to småsmekker er allereie gitt bort til ei lita niese med eit sikleproblem... Det andre settet eg har laga er av rosa uglestoff med brunprikkete bakside, her er det ei stor smekke i tillegg til gulpeklut og koseklut. Eg kom ikkje på nokon som kunne trenge dette, her er visst mest guttebabyar i mine kretsar for tida. Så då tenkte eg likegodt eg kunne lodde den ut her! Ønskar du deg eit slikt sett til babyen din? Eller kanskje du kjenner ei lita jente som treng noko slikt til jul? Legg igjen ein kommentar her så er du med i trekninga! Og hvis du i tillegg vil linke til meg enten her eller på facebook blir eg sjølvsagt glad for det. Eg kårar vinnaren her på bloggen om kvelden søndag 5. desember. Med dette sparkar eg i gang desember i Lin & Papirbloggen som ein skikkelig konkurransemånad (ja, eg veit eg tjuvstartar litt, men kvifor ikkje?). Kvar veke fram mot jul kjem eg til å legge ut nye konkurransar og utlodningar, så her er det berre å følge med!

Smekkepakkane finn du i butikken til 120,- kr stk!

onsdag 24. november 2010

Lag dine eigne merkelappar

Eg har det travelt for tida, skal vere med på julemarknad i helga med ulldyra mine. Plutselig innsåg eg at eg var nesten tom for merkelappar, og då kom eg på at eg hadde sett ein eller annan plass på nettet korleis ein kan lage lappar sjølv. Som tenkt så gjort. Eg hadde nokre T-skjortetransferark liggande, det kan du få tak i fleire stader, både Panduro og Clas Ohlson har sånt, meiner eg. Så er det berre å lage ei fil med det som skal trykkast på merkelappane på fleire linjer nedover. Teksten på mine er ganske kort, så det var plass til fire kolonner bortover (husk at det skal vere litt å gå på på kvar side også, til saumrom mm). Eg huskar ikkje antall rekker nedover eg fekk inn, men det var mange. 
Det heile må speilvendast, så det er lurt å bruke eit bildebehandlingsprogram som Photoshop eller liknande. Det går sikkert an å speilvende bilder i andre program også, nokon som har tips? Når det er klart til printing kan det vere lurt å teste på eit vanleg ark først for å sjå at alt er ok. Hvis det er det printar du det på transferarket, la det tørke skikkelig etterpå. Klipp opp i strimlar for kvar linje, fyr opp strykejernet og legg strimlane med teksten ned på eit egna medium. Eg brukte økologisk bomullsband frå butikken, den var heilt ypperleg til dette! Stryk i vei, la det kjøle seg ned ei stund og vips, så har du lange rekker med merkelappar! Klipp opp etter behov. 
Fordelar: 
- prisgunstig, eg fekk massevis med merkelappar ut av eitt ark og 19 på ein meter band
- gir stor valfridom med tanke på utforming og fontar
- avhengig av kva du brukar til å stryke på er det kanskje eit litt grønare alternativ enn kjøpte merkelappar? Eg veit i grunnen ikkje heilt kva desse transferarka egentlig består av, er det nokon som kan opplyse?

Ulempar:
- dei blei litt stive, vil kanskje ikkje egne seg på innsida av klesplagg
- eg veit ikkje korleis trykket vil halde seg i vask, men det skal tåle 40 grader.

Uansett så er eg godt nøgd med resultatet og er klar for marknad på lørdag. Må berre stappe ull i ein heil bøling ulldyr først... For ulla eg bestilte forrige veke kom fram først i dag - det har vore nokre nerver i heilspenn i helga kan eg love. Men no er alt såre vel!

fredag 19. november 2010

Julekortinspirasjon # 2

Jillibean Soup som lagar den nydelige julekolleksjonen med mønsterpapir Christmas Chesnut Soup har sendt oss nokre tips til både julekort og julekalender. Ta ein kikk på oppskriftene for å sjå større bilder og få inspirasjon til å lage dine eigne variantar!

onsdag 17. november 2010

Julegåvetips # 2 - Babyteppe i flanell

 Neste julegåvetips er dette lune og gode babyteppet i friske fargar! Det er laga av økologisk bomullsflanell og det er kjapt og enkelt å sy. Og best av alt - no kan du få kjøpt materialpakkar i butikken, nok til å sy eit teppe på rundt 80 x 80 cm!
Både turkis og rosa pakke er å få kjøpt, foreløpig har eg berre sydd eit i turkis, difor er det berre bilder av dette... Pakkane kostar 190,- og i tillegg treng du noko til bakside. Då kan du bruke den kvite bomullsflanellen vår, for anledninga sett ned til 120 kroner meteren. Eg tenkte på å lage pakkar med baksida inkludert, men det kan jo tenkast at folk vil bruke andre stoffer der. Difor blei det slik. Du treng også noko til for om du vil ha det, eg har brukt bomullsvatt men du kan også bruke andre ting, f.eks. eit ekstra lag flanell.
Flanellen er laga av amerikanske Cloud 9 Fabrics, i bloggen deira kan du finne oppskrift på eit enkelt lappeteppe om du treng det! 
Dette teppet er allereie gitt bort til ein heilt ny liten nevø, håpar han får god bruk for det!

tysdag 16. november 2010

Julekortinspirasjon # 1

Snart på tide å begynne med julekort? Sjå alt det fine som Asil frå Asils Ville Verden har laga for oss, kanskje du finn noko til inspirasjon. Ho har brukt mønsterpapir frå Jillibean Soup sin julekolleksjon. Sjå også den nye julekategorien i butikken!

 Her har Asil laga ein stationary box, med gåvelappar, småkort og store kort med konvoluttar til. Fiffig? Har du lyst til å prøve deg på ein sånn finn du ein instruksjonsvideo på noko liknande her.

 Gåvelappar og småkort med snor

 Julekort i fire variantar
Papira som har vore brukt i desse prosjekta er Heavy Cream, Red Macaroni, Jibber Jabber samt kraftkonvoluttar. Meir julekortinspirasjon kjem etterkvart så følg med, følg med!

fredag 12. november 2010

Julegåvetips # 1

Eg tenkte eg skulle legge ut julegåvetips med ujamne mellomrom no framover mot jul, det blir småting ein kan sy sjølv med forslag til materialer frå butikken. Først ut er dette søte settet med nålepute og korg, passar utmerka til syglade venner og kjente! Desse de ser på bildet er laga av mi kjære mor, ho har brukt Voliere og Raude prikkar frå butikken. Dette er økologisk bomullsstoff av nydelig kvalitet frå tyske Westfalenstoffe, dei har ein heil serie med sarte, romantiske trykk som passar godt saman.
Nåleputa er ein klassisk variant som er lett å lage, eg ser den overalt på nettet så den er veldig populær. Her finn du framgangsmåten. Den raude knappen på undersida av nåleputa er ein gamal glasknapp med intrikat relieffmønster, er den ikkje nydeleg?
Korga er også lettlaga, ein glimrande måte å få brukt opp fine restestoffer! Eg har laga denne varianten i mange ulike storleikar, den er fin som brødkorg eller til frukt også om du lagar den stor. Det kan lønne seg å bruke noko til å stive den opp med, nokon brukar strykeinnlegg eller vatt men eg har pleid å bruke eit litt stivare bomullsstoff som mellomlag og det har fungert fint.  Oppskrifta finn du her.

torsdag 11. november 2010

Loppesesongen er over...

... for i år, og også i haust kom eg over ein del godbitar. Når alt er ferdig vaska og oppmålt kjem det nye vintagestoffer i loppekassekategorien i butikken, og eg kjem også til å legge ut knappar og band der! Her er ein liten smakebit:

onsdag 10. november 2010

Visste du at papir kan lagast av elefantmøkk?

Du finn det i butikken! Det er laga av 75% resirkulert papirmasse og 25% bearbeida elefantmøkk, og det er heilt lukt- og bakteriefritt. Klikk inn for å lese meir om produksjonen av papiret! Me har også kartong og konvoluttar i denne serien som treffande nok heiter Ellie Poo. 
Eg syns papiret er heilt nydelig, det har ein fin gylden tone, synlege fiber og god kjensle. Eg trur det ville passe ypperlig til for eksempel bryllupsinvitasjonar eller god gamaldags brevkorrespondanse. Eg tenkte eg skulle sette saman ei lita brevmappe med kort og konvoluttar, og prøver no å samle fine gamle elefantillustrasjonar som eg skal printe på korta. Det kunne vere ei fin julegåve, tenkte eg. Var ikkje denne fin?

tysdag 2. november 2010

Mønsterpapir med julemotiv i butikken!

Ja, no er det blitt november og julevarene er på plass i butikkane. Også hos oss, det er jo på tide å begynne med julekortproduksjonen snart. Og kvifor ikkje velje miljøvennleg i år ved å bruke desse nydelige varene i 100% resirkulert papir trykt med soyabasert blekk? Snart kjem vi med idear og tips til kva ein kan lage med desse arka, følg med! Trykk på bilda for å komme til varen i butikken.