fredag 14. januar 2011

Salget held fram!

Ja, no har eg satt ned prisane litt meir på januarsalget i nettbutikken, og dessutan er det fine scooterstoffet som har vore så populært også kome med i salget. 

No får du blant anna Flowerbed | Pink og Double Dot | Green til 107 kroner meteren, begge er brukt i dette settet med iphoneetui og nøkkelpung som søstra mi har sydd. Var det ikkje ein frisk og fin kombinasjon? Tutorial til iphoneetuiet finn du her.

fredag 7. januar 2011

Fredagsfavorittar på Epla

I dag tenkte eg at eg også skulle legge ut mine fredagsfavorittar frå Epla, slik mange andre gjør! Tema for dagen er økologisk (naturlegvis!) og fargespekteret blått/turkis. Mykje fint, ikkje sant?
1: Pung frå Handmade Vibeke (og ho har brukt stoff frå Lin & Papir - på salg i butikken no!)
2: Økologisk avocadoolje frå Grønn Såpe
3: Barnelue i økologisk ull frå Soria Moria
4: Smekke i økobomull frå TrippTrappTroll
5: Tørkle med økologisk flanell frå Maganda
6: Caps i økobomull frå Fabelblå
7: Toalettmappe frå KokolilaFactory
8: T-skjorte i økobomull frå STRAND

onsdag 5. januar 2011

Fokus på: Forest Friends Flanell

Dette innlegget burde ha blitt skrive for lengst, men av stadig nye grunnar har det aldri blitt til. Så det er på høg tid å rette fokus mot denne nydelige flanellkolleksjonen, særleg sidan den no er på nyttårssalg med 15% avslag! Dette er den tredje kolleksjonen til Cloud 9 Fabrics, eit lite selskap som består av to ildsjelar med økologisk bomull som hjertesak. Flanellen er trykt med søte kaniner og ugler i spreke fargar som grønt, turkis og rosa med eit design som sender tankane tilbake til 1950-talet, men samtidig har eit høgst moderne preg. Kven sa at miljøvennleg = kjedelig design?

Som alle andre bomullsstoff i nettbutikken er dette 100% økologisk, GOTS-sertifisert bomull. Det er produsert i India og trykt med miljøvennlege, løysemiddelfrie fargar. Det er ikkje etterbehandla med mjukgjøringskjemikalier som mange konvensjonelle flanellsstoff, difor kan det virke litt stivt når det er heilt nytt. Men det blir mjukt og fint etter vask!

Eg har sydd litt ulikt av denne flanellen, de huskar kanskje dokkebleia der eg la ut mønsteret eg lagde? Og i lengre tid lova eg treåringen min pysjamas med ugler på og no i romjula blei det endeleg tid til det. Den er basert på ein barnepyjamas i boka Sy til barn, men eg har byta ut knapping framme med splitt i halsopningen samt gjort overdelen lengre og meir utsvingt. Pysjen falt i smak og er gått inn i sirkulasjon!

Eg har også laga babyteppe og babysett med smekker og gulpeklutar av denne kolleksjonen, det er for øvrig materialpakkar til desse å få kjøpt i butikken!

Og i bloggen til Cloud 9 Fabrics kan ein finne mange fine prosjekt, som til dømes desse ballane:

Babyquilt (med tutorial - klikk på bildet for å komme dit!):


Venninnegåvesett med tøfler, varmepute og oppbevaringspose (med tutorial - klikk på bildet!)

Kjole:

Pute (med tutorial - klikk på bildet for å komme dit!:

Ugleputer:
Mange bruksomåder med andre ord - kanskje du blir inspirert?