søndag 27. februar 2011

Velour, frotté og jersey i butikken!

Jepp, då er det endelig på plass. Dessverre kom det ikkje brun velour som eg bestilte, men blålilla, gråmelert og turkis kom vel fram.

Og eg er heilt forelska i bomullsfrottéen, lett og smidig er den, og kjempefine fargar. Når eg berre klarar å bestemme meg for kva som er favoritten trur eg jammen det blir tunika til mor.
 
Eg har også tatt inn nokre stripete jersey/interlockar, frøkna i huset har lagt sin elsk på den rosa/brune (men det var vel ingen bombe, det er rosa som gjeld der i gården!)
 
Som vanleg er alt 100% økologisk bomull. Det vil seie at bomullen er dyrka utan bruk av sprøytemidlar, og at produksjonen er gjort på miljøvennleg vis. Bra for oss og bra for dei som arbeider med å dyrke/produsere! 

måndag 14. februar 2011

Håndlaga 2011 søker sponsorer!



Eg og min eminente samarbeidspartner Unni Strand har stukke hovuda saman og kome opp med noko me trur blir kjempegøy; et norgesmesterskap i handlaga!

Det blir ein konkurranse med åtte kategoriar; Redesign, barn, klær, smykker, tilbehør, til hjemmet, bilde og beste handarbeidsblogg. Alle kan fritt nominere til konkurransen, og et dommarpanel vil velge ut ti finalistar i kvar kategori. Så blir det åpen avstemning!

Vi ønsker å rette søkelyset mot den store bredda av håndlaga ting i landet, vise fram handarbeid av høy kvalitet og feire fellesskapet som får fram slike gjenstander. No søker vi etter sponsorar til dette arrangementet, og ønsker bidrag i alle slags ulike sjangere. Har du ein liten eller stor butikk av eit eller anna slag du vil profilere litt? Er du interessert? Les meir her

laurdag 12. februar 2011

Helgetilbud på nye stoff!

Då er dei fire eg viste i innlegget under på plass i butikken! Det er alltid spennande når nye ting kjem inn, er dei like fine i verkelegheita? Og det er desse virkelig. Veldig gode å kjenne på, mjuke og glatte, og eg syns fargane er heilt herlige. Surfing, lp-plater, sol og sommar med skikkelig 60-talsfeeling!
 Eg feirar med eit lite helgetilbud på dei, 15% rabatt om du brukar rabattkoden beachmod ved utsjekking. Tilbudet gjeld berre i dag og i morgon!

Og fleire stoffer dukkar opp snart, tenk små sirkuselefantar, fuglar og polkadots. Kanskje i løpet av neste veke?

måndag 7. februar 2011

Restekorg, og nye stoffer på veg!

Då har eg flytta restane etter januarsalget over i ei restekasse i butikken, der kan du gjøre eit kupp med 40 eller 50% rabatt! Nokre av desse er det veldig lite igjen av, håpar dei går ut snart for no treng eg plass til nye økologiske bomullsstoffer som er på veg. Eg gler meg kjempemasse, her er eit par smakebitar på ting som kjem:




torsdag 3. februar 2011

Har du høyrt om Pinterest?

Det store internettet er ei av mine viktigaste kjelder til inspirasjon, enten det er tilfeldig surfing eller målretta leiting. Stadig kjem eg over ein ny bloggar som lagar kjempefine ting, eit bilde av eit dyr eg har lyst til å lage til eplabutikken min, eller eg leitar etter leverandørar til Lin & Papirbutikken. så er det det med å halde styr på alle desse nettstadene på best mulig vis. Kor lenge har eg ikkje slitt med lange bokmerkelister med ymse undermapper som etterkvart er heilt umulig å finne fram i? Hukommelsen min er ganske visuell, og namnet på ein link seier meg ikkje alltid like mykje om kvifor eg har bokmerka den. 
Men så ein dag kom eg over det mest geniale eg har sett på lenge; Pinterest! Strukturelt sett er det ein nettstad der du lagar "oppslagstavler", og til desse tavlene kan du enkelt "pinne" bilder du kjem over på nett. Bilda blir sittande på tavla med link tilbake og det heile. Du kan lage så mange tavler du vil, kalle dei det du vil og sortere dei slik du vil. Og på toppen av alt har du heile sosiale medier-greia her også, det vil seie at du kan følge andre, like og kommentere bilda eller tavlene deira og "repinne" ting som andre har på sine tavler. Merk at alle bilder og alle tavler du legger til blir liggande åpent slik at alle kan sjå dei, dette er ikkje staden å bruke til ting ein ikkje vil dele med gud og kvarmann.

Eg har feks ei tavle med bilder av kattar som strekker seg, fordi eg har planar om å lage ein kattefigur i ull ein dag med denne fasongen. Og då er det viktig å gjøre grundig research for å få riktig form. Eg har også ei tavle med bilder av fjør i ulike variantar, berre fordi eg syns dei er så fine. Og ei med diverse julepynt av papir, no kan eg enkelt gå tilbake og finne linkane med framgangsmåtene før neste jul!

No har eg testa dette ut ein stund, og eg kan berre anbefale det på det sterkaste. Det er eit veldig effektivt verktøy for oss som brukar nettet til alt mulig rart. Sånn ser mine tavler ut, ta ein kikk innom!