torsdag 28. oktober 2010

Mønster og oppskrift til dokkebleie

Tenk deg ein treåring som likar å kle av og på babydokka si og har gjort det eit par gonger dagleg i halvtanna år. Tenk deg at denne treåringen er midt i verste skal-klare-alt-sjølv-vil-ikkje-ha-hjelp-fase. Tenk deg korleis papirbleia som fulgte med då dokka var ny no har mista alt som liknar på hefteevne og slett ikkje vil sitte på dokka når treåringen prøver å ta den på. Tenk deg vidare korleis denne treåringen ligg på golvet og hyler fordi ho ikkje får til å ta på bleia men heller ikkje vil la andre nærme seg for å hjelpe til. Pust djupt ti gonger og prøv å tenke ut ei løysing. Det var i alle fall det eg måtte gjøre, og då kom eg opp med tøybleieidéen. Klart dokka skal ha tøybleie når lillebror brukar det! Treåringen var heldigvis (HELDIGVIS) enig og krisa var avverga for denne gong.

Eg tenkte å bruke noko flanell frå eit gamalt dynetrekk, men jenta har god smak og ville ha uglestoff, rosa må vite. Som innerstoff brukte eg kvit flannel. Til eit slikt prosjekt passar det med alle mulige restestoffer, men det blir jo litt ekstra moro med fine fargar eller spreke mønster på utsida.

Du treng ytterstoff og innerstoff på ca 30 x 30 cm kvar, tre lengder buksestrikk på 10 cm, og to små bitar med borrelås. Klipp delane etter mønsteret på bildet under, eg trur det skal bli rett storleik når det blir printa ut i A4-format men eg har ført på måla i tilfelle det ikkje funkar.
Klipp ut innerdel og ytterdel i dobbelt stoff, legg mønsteret med den sida merka 'Brett' mot stoffbretten. Sømmonn er inkludert, klipp altså etter den svarte linja. Då får du delar som ser sånn ut:
Legg ytterdelane rette mot rette og sy rundt. La det vere ein vrengeopning heilt framme på bleia (nederst på bildet under). Dersom du syr i flanell er det viktig å berekne bra med sømmonn, sidan den har lett for å rakne. 
Finn fram strikkane og fest dei til sømmonnet, ein i livet bak, og ein i kvar beinopning, sjå markeringar på mønsteret. Strekk strikken mellom dei to punkta og fest i kvar ende med ei knappenål.
Sy fast strikken med sikk-sakk, strekk den mens du syr.Gjør det same på kvar side av beinopningane
Klipp av hjørna og klipp evt hakk i buene, slik at bleia ser fin ut når den blir vrengt. Vreng rettsida ut, bruk ein blyant eller strikkepinne for å få vrengt hjørna heilt ut. Sy igjen opninga framme med ein stikning.
Sy fast borrelåsbitar etter kryssmarkeringane på mønsteret. NB: husk at bakpå bleia skal dei syast på innsida, mens framme skal dei syast på utsida av bleia. Det kan vere lurt å prøve på dokka for å sjekke at plasseringa blir riktig, evt kan du sy på ein lang bit borrelås framme i staden for to små bitar. Då blir bleia meir fleksibel og kan passe til dokker eller bamsar med ulike magemål. Du kan sjølvsagt bruke trykknappar i staden for borrelås dersom du heller vil det.

 Då er bleia klar til bruk, og treåringane kan klare seg sjølve igjen!

onsdag 27. oktober 2010

Flanellgiveaway

Lille-Design har ein liten giveaway i bloggen sin, der kan ein vinne ein meter flanell frå L&P med harepusar på, enten i rosa eller turkis. Her er det berre å slenge seg med!

søndag 24. oktober 2010

På facebook

I tilfelle de ikkje har sett boksen til høgre her - no er Lin & Papir på facebook også. Kom gjerne innom og lik oss! Der har eg blant anna laga eit album med bilder av ting folk har sydd av stoffa våre, foreløpig dei same bilda som ligg her i bloggen lengre nede. Men eg vil gjerne ha fleire bilder, dersom du lagar noko med stoffa mine blir eg veldig glad om du sender meg bilde eller link, eller du kan laste det opp sjølv på facebooksida. Sjølv har eg ikkje fått sydd så mykje, men dotter mi fekk overtalt meg til å sy bleie til dokka hennar forleden - eg knipsa bilder underveis og tenkte legge ut mønster og oppskrift her i bloggen etterkvart. Me er glad i fargerike tøybleier her i huset, og då må jo dokka også få ei fin ei!

fredag 22. oktober 2010

Og vi har to vinnarar!

Marianne frå Guttelus og Frøydis frå Tre kusiner, gratulerer! Send meg ein e-post på info@linogpapir.no med adresse og sånt, og skriv kva for ein pakke de vil ha - rosa/grøn eller oransje/turkis pakke.

Og elles god fredagskveld til alle som les!

Husk utlodning - trekning i kveld

Eg trekker to vinnarar i kveld i åttetida, du kan framleis delta! Les meir i dette innlegget.

Her har det snødd dei siste dagane og det har blitt eit riktig Winter Wonderland, når eg kikkar ut vinduet har eg blitt minna på dette mønsterarket frå Jillibean Soup:

Men no regnar det, me er jo tross alt på Vestlandet, og snart er nok snøen vekke tenker eg. Like greit, det var i tidlegaste laget spør du meg...

tysdag 19. oktober 2010

Band i butikken!


Eg har fått inn kjempefine vevde band i økobomull, ubleika på farge. Dei er lette og fine, men samtidig sterke så her er det mange bruksområde! Det smale er nok kjempefint til gåveinnpakning skulle eg tru, og elles til alle slags hemper og slikt. Og som pynteband sjølvsagt. Kanskje til å binde årets siste blomebukett frå hagen, slik som her?

Det breie kunne kanskje vore ypperlige handtak på eit handlenett. Eller som belte på ein romantisk småjentekjole.
For ikkje så lenge sidan hadde denne bloggen ein heil serie om kva ein kunne gjøre med bendelband, utrulig mykje fiffig! Desse banda kan nok også brukast i dei fleste av desse prosjekta.

Psst: Eg er forresten vekas seljar på Epla!

fredag 15. oktober 2010

Monaco - utlodning!

I tida framover vil eg presentere utvalde varer frå butikken min, og i blant vankar det også utlodningar. Først ut er Monaluna sin kolleksjon Monaco, friske retroinspirerte trykk i to fargevariantar. Her ser de utvalet hos oss. 

Monacostoffa er trykt på GOTS-sertifisert økologisk bomull frå India, det er ein ganske lett kvalitet som kjennes glatt og fin mot huda. Eg syns personleg fargane er kjempefine, det er akkurat passe balanse mellom det søte og og det litt tøffare. Og kven kan vel motså scooterar med små fuglar?

Eg har hatt nokre snille hjelparar som har fått prøve stoffet i forkant av butikkopninga, og dei har laga mykje fint. Berre sjå her:

Ida Victoria er kjent for dei fine Majakjolene som ho sel i eplabutikken sin. Her har ho laga to variantar i Monacostoff:


Vibeke har også eplabutikk der ho blant anna sel kjempefine pungar og mapper av ulike slag. Ho har sydd to kjempetøffe av dei same stoffa berre i turkise, grøne og oransje tonar:



Trillevenninna mi har sydd ein knallstilig meitai med grønt scooterstoff på ei side og grøne prikkar på andre sida:



Og sjå desse søte babykjolane som designeren bak Monaluna, Jennifer Moore, har sydd til dotter si:



Ein kan gjøre mykje fint med desse stoffa som de ser, og no kan du få moglegheiten også for eg loddar ut eit sett med 4 kvartmeter (stykker på 50 x 55 cm) til to heldige vinnarar for å sparke i gang bloggen her! Vinnarane kan velje om dei vil ha rosa/grøn eller turkis/oransje pakke, sjå bilda under. Me følgjer vanlege reglar så det blir eit lodd om du legg igjen kommentar her og fortel kva ditt favorittstoff i denne kolleksjonen er. To lodd får du om du i tillegg legg deg til som følgar, og hvis du også legg ein link til oss frå din eigen blogg stiller du sterkt med tre lodd! Vinnaren blir trekt om ei veke, altså fredag 22. oktober.
******************************************************************************
UTLODNINGA ER AVSLUTTA, GRATULERAR TIL VINNARANE MARIANNE OG FRØYDIS!

Turkis/oransje pakke

Rosa/grøn pakke

Første innlegg!

Velkommen til Lin & Papir-bloggen! Her vil det komme informasjon om varer og nyheiter i butikken, lenker til oppskrifter og tutorials, bilder av ting laga med produkta våre, tips til ein grønare kvardag og meir. Håpar de vil følge oss undervegs!