tysdag 14. juni 2011

Sy eit kappeskjørt!

For å sy eit kappeskjørt til ei lita jente må du først måle henne rundt hoftene. Så må du bestemme kor langt skjørtet skal vere. Om du vil ha tre høyder på skjørtet må du ha tre rektangel med stoff, med aukande vidde. Dei kan vere like høge, eller du kan velge å ha tre ulike høgder. Men tilsaman må dei tilsvare den totale høgda du vil ha på skjørtet. Legg til litt saumrom på kvar, og legg til 5 cm til løpegang på det øverste stykket (livstykket).
Livstykket treng ikkje vere så vidt, men ho må kunne få det over hoftene og opp til livet. Eg la til 15 cm på hoftevidda, pluss to cm i saumrom. Vidda på kappene er litt vanskelegare å rekne ut, det kjem heilt an på kor mykje rynking du vil ha på stoffet. Eg gjekk for middels, og her er måla på dei stykka eg brukte:

Livstykke: 77 cm x 25 cm
Første kappe: 110 cm x 25 cm
Nederste kappe: 180 cm x 20 cm
Jenta mi er fire år gamal og ca 50 cm rundt livet, skjørtet blei faktisk litt langt på henne men det betyr jo berre at ho kan bruke det i lang tid framover! For ordens skuld: gå over alle saumrom med sikksakk eller overlock etter at du har sydd saumane. 
Brett livstykket dobbelt på tvers, rette mot rette. Nål og sy saman kortsidene. Snu rettsida ut og press saumen.
Så er det tid for å rynke første kappe. Det fins masse vegvisarar på nett, kanskje har du til og med rynkefot, eg pleier berre å skru opp stinglengda og trådspenninga på maks, så rynkar stoffet seg fint sjølv. Det blir ikkje kjempetette rynker men eg syns det er akkurat passe. På bildet har eg sydd dobbel rynkesøm men det er egentlig ikkje nødvendig med mindre du har tenkt å rynke stoffet saman endå meir for hand.
No har du ei lang remse med rynking i eine langsida. Mål den opp i forhold til livstykket, du vil ha ein del å gå på. Sy kappa saman i kortsida slik at opningen blir like stor som omkretsen på livstykket. Ikkje klipp av det overskytande før du har sydd kappa fast! Då vil nemlig rynkinga gå ut.
Nål kappa fast rette mot rette med livstykket, og sy fast heile vegen rundt. Pass på at dei to saumane (som blir midt bak på skjørtet) hamnar på same stad og begynn å sy ca ein cm etter denne. Når du har kome nesten heilt rundt, ein cm frå midt-baksaumen frå andre sida, kan du klippe av det overskytande stoffet på kappa. Press saummonnet på kappa si sidesaum frå kvarandre med fingeren og sy fast dei siste to cm av kappa til livstykket.
 Slik ser det ut når du snur! Stryk saumrommet opp mot livstykket og sy ein stikning rett over kanten.
 Brett den nederste kappa dobbelt på langs og stryk.
Rynk den på same måte som første kappe, men ikkje sy saman kortsidene enno.Nål fast til nedre kant av førstekappa, rette mot rette, sørg for at nedre kappa "stikker ut" litt på kvar side av saumen midt bak. Sy fast som over, men denne gongen med to cm klaring på kvar side av saumen midt bak. Dette stadiet har eg ikkje bilder av, så de får prøve å bære over med meg når eg skal forklare med ord.
Klipp av det overskytande kappestoffet i kvar ende, men la dei overlappe med to cm. Brett inn råkanten på den ein delen, slik som dette (ignorer at kappa her ikkje er festa til skjørtet, dette er berre for å illustrere):
Stikk råkanten på den andre sida av kappa inni opninga, og sy ein saum utanpå. Då er kappa lukka, og du kan sy dei siste fire cm fast til førstekappa. Puh, håpar det var forståleleg! 
Stryk saumrommet mot førstekappa, og sy ein stikning rett over kanten. No har du noko slikt som dette:
 Så er det berre løpegangen igjen. Brett inn først ein cm, så fire cm øverst på livstykket, stryk. Legg gjerne inn ein båndbit ved saumen for å vise kva som er bak og fram, det likar i alle fall jenta mi at eg gjør. Då går påkledninga litt lettare... Sy ein saum i nedre kant av løpegangen.
Tre inn eit stykke strikk ca tre cm brei. Strikken må vere så stram at den sit godt rundt livet. Eg syns det funkar å bruke livvidda og så ikkje legge til sømrom på strikken, då passar det som regel bra. Men det kan vere lurt å teste først. Tre med ei sikkerheitsnål eller liknande, sy saman strikken i kortsidene med sikksakk.
 Og så er skjørtet fiks ferdig, ta det på og snurr i veg!

3 kommentarer: