søndag 24. oktober 2010

På facebook

I tilfelle de ikkje har sett boksen til høgre her - no er Lin & Papir på facebook også. Kom gjerne innom og lik oss! Der har eg blant anna laga eit album med bilder av ting folk har sydd av stoffa våre, foreløpig dei same bilda som ligg her i bloggen lengre nede. Men eg vil gjerne ha fleire bilder, dersom du lagar noko med stoffa mine blir eg veldig glad om du sender meg bilde eller link, eller du kan laste det opp sjølv på facebooksida. Sjølv har eg ikkje fått sydd så mykje, men dotter mi fekk overtalt meg til å sy bleie til dokka hennar forleden - eg knipsa bilder underveis og tenkte legge ut mønster og oppskrift her i bloggen etterkvart. Me er glad i fargerike tøybleier her i huset, og då må jo dokka også få ei fin ei!

1 kommentar:

  1. Kor artig at du har vore innom Krukkehuset og sett tinga mine der.:) Mykje fint her inne hjå deg!
    Ha ein fin kveld!

    SvarSlett