Har de sett at eg har fått inn nokre nye stoffer? Økobomull frå Robert Kaufman, designaren er Ann Kelle. Tre variantar ligg inne i butikken,
eit grønt med bilar, eit
lyseblått med fly og eit
brunt med helikopter. Her er dei avbilda saman med dei einsfarga stoffa som matchar. Skjønne, ikkje sant? Egentlig skulle eg fått inn eit i petrolblått med små tog også, men det er forsinka frå leverandøren.

I dag tenkte eg at eg skulle vise ein glidelåspung som eg tenkte gi til ein av nevøane mine til jul, den skal fyllast med kjekke ting som sånne smågutar likar. Det fins drøssevis med oppskrifter på korleis sy slike pungar ute på verdsveven, feks
denne på norsk, eller
masse her på engelsk, mange av desse er nok mykje meir detaljerte enn min beskrivelse her. Men det som eg ofte slit med når eg skal sy sånne pungar, er hjørna øverst. Eg syns det blir klumpete og skjeivt der glidelåsen går nedi pungen, og får det liksom ikkje fint. Men så har eg jo sett rundt om kring på internettet at nokon skjøter på små stoffstykker i kvar ende av glidelåsen, så det ville eg prøve meg på. Og i same slengen kan eg jo forklare korleis eg gjekk fram.

Her er det du treng:
2 stykker utterstoff så store som du vil ha den ferdige pungen + 1 cm saumrom på kvar side
2 stykker forstoff i same storleik
4 små stykker stoff som matchar ytterstoffet, like breie som glidelåsen og ca 4 cm lange
1 glidelås ca like lang som pungen
Eg brukte helikopterstoffet og det grøne pærestoffet, og ein knall oransje glidelås som sto fint til.
1. Legg to småstykke i kvar ende av glidelåsen, eit oppå og eit under. Sy dei fast slik som dette, saumen skal vere om lag 3 cm innforbi kanten av hovudstykket:
2. Klipp av endane på glidelåsen og brett og press stoffbitane ut mot endane. No ser du at glidelåsen inkludert dei påskjøtte bitane er like lang som ytterstoffet:
3. Legg det eine ytterstoffet med rettsida opp. Legg glidelåsen med retta ned oppå, og eine forstoffet med retta ned på toppen, slik som dette. Bruk glidelåsfot om du har og sy lang den øvste kanten. Du må sikkert flytte litt på glidelåshovudet undervegs for å komme ordentlig til, då er det lurt å ha nåla nede for å halde laga på plass.
4. Når du no opnar opp ser du at glidelåsen ligg fint mellom ytterstoffet og forstoffet.
5. Brett forstoffet bakover, press og sy ein stikning langs glidelåsen, bruk gjerne glidelåsfoten no også. Og som du kanskje ser så har eg glemt å stille opp stinglengda på symaskina, saumen blir mykje finare med lengre sting.
6. Så skal andre sida syast fast. Same rekkefølge som i stad, ytterstoff nederst med retta opp, glidelåsen oppå med retta ned og forstoffet øverst med retta ned.
7. Sy saumen, og sy ein stikning slik som under pkt 5.
8. Så skal du brette over stoffa slik at foret er på eine sida av glidelåsen og ytterstoffet på andre sida. Sett gjerne fast med nokre nåler. NB: no må du opne glidelåsen sånn ca halvvegs, elles får du ikkje vrengt pungen etterpå!
Eg syns det blir finastnår det vesle mellomrommet ved glidelåsen blir bretta nedover mot foret:
9. Sy rundt heile kanten, men la det vere ei opning nederst på foret til å vrenge gjennom. Klipp av ein liten trekant ytterst på hjørna.
10. Vreng pungen ut gjennom opninga. Bruk ein strikkepinne eller noko liknande for å få hjørna vrengt heilt ut. Sy igjen opninga med ein stikning tett inntil kanten. Gi pungen ein omgang med strykejernet mens foret er ute, etterpå vrenger du foret ned i pungen.
Då er du ferdig, og det er berre å finne noko å fylle den opp med!