Ja, eg var litt usikker på kva eg egentlig skulle kalle dagens julegåvetips - så blei det altså fargeblyantrull. Men ein sånn ein kan jo brukast til andre ting også, eg har for eksempel sydd ein slik til strømpepinnene mine. Denne gongen er det ein mindre variant, som eg tenkte skulle høyre til glidelåspungen eg sydde sist. Det fins massevis av oppskrifter på nett som visar korleis du lagar ein sånn, for eksmpel denne. Eg brukte ikkje strykeinnlegg slik som er vist der, men eit mellomlag av flanell. Også brukte eg heller ikkje knyteband til lukninga, men ein hårstrikk og ein knbapp, eg tenker at det er lettare for små hender å fikse. Elles skulle eg ønske eg hadde laga lommene litt smalare, for desse blyantane her har ein tendens til å skli ut, lomma blir for laus. Kanskje eg skal kjøpe ein pakke med litt tjukkare fargekritt som vil sitte betre på plass?
Den var tøff, takk for tips.
SvarSlettDisse er jo både så flotte og kjekke. Har sydd noen slike selv og de er veldig populære.
SvarSlettDet var ein smart og praktisk ide :)
SvarSlettDenne ble så søt :-D
SvarSlettTa turen innom bloggen vår for å bli med på julelotteriet vårt. ;-D