torsdag 3. februar 2011

Har du høyrt om Pinterest?

Det store internettet er ei av mine viktigaste kjelder til inspirasjon, enten det er tilfeldig surfing eller målretta leiting. Stadig kjem eg over ein ny bloggar som lagar kjempefine ting, eit bilde av eit dyr eg har lyst til å lage til eplabutikken min, eller eg leitar etter leverandørar til Lin & Papirbutikken. så er det det med å halde styr på alle desse nettstadene på best mulig vis. Kor lenge har eg ikkje slitt med lange bokmerkelister med ymse undermapper som etterkvart er heilt umulig å finne fram i? Hukommelsen min er ganske visuell, og namnet på ein link seier meg ikkje alltid like mykje om kvifor eg har bokmerka den. 
Men så ein dag kom eg over det mest geniale eg har sett på lenge; Pinterest! Strukturelt sett er det ein nettstad der du lagar "oppslagstavler", og til desse tavlene kan du enkelt "pinne" bilder du kjem over på nett. Bilda blir sittande på tavla med link tilbake og det heile. Du kan lage så mange tavler du vil, kalle dei det du vil og sortere dei slik du vil. Og på toppen av alt har du heile sosiale medier-greia her også, det vil seie at du kan følge andre, like og kommentere bilda eller tavlene deira og "repinne" ting som andre har på sine tavler. Merk at alle bilder og alle tavler du legger til blir liggande åpent slik at alle kan sjå dei, dette er ikkje staden å bruke til ting ein ikkje vil dele med gud og kvarmann.

Eg har feks ei tavle med bilder av kattar som strekker seg, fordi eg har planar om å lage ein kattefigur i ull ein dag med denne fasongen. Og då er det viktig å gjøre grundig research for å få riktig form. Eg har også ei tavle med bilder av fjør i ulike variantar, berre fordi eg syns dei er så fine. Og ei med diverse julepynt av papir, no kan eg enkelt gå tilbake og finne linkane med framgangsmåtene før neste jul!

No har eg testa dette ut ein stund, og eg kan berre anbefale det på det sterkaste. Det er eit veldig effektivt verktøy for oss som brukar nettet til alt mulig rart. Sånn ser mine tavler ut, ta ein kikk innom!

2 kommentarer:

  1. Oj, dette hørtes interessant ut! Helt ukjent for meg, så tusen takk for tipset. Skal nå følge dine linker og sjekke mer :)

    SvarSlett
  2. Pinterest er helt genialt, jeg har brukt timesvis der! :)

    SvarSlett