måndag 18. juli 2011

Vekas tilbud - sval handvevd økobomull

Det er sommar for tida, og me får faktisk enkelte soldagar innimellom også. Når ein har småbarn i hus som slett ikkje likar å bli smurt inn med solkrem kan det vere greit å finne alternative måtar å beskytte dei frå strålane. Og då er den lette handvevde bomullen i nettbutikken heilt perfekt! Ypperlig til plagg som skjortar, bluser og kjolar når ein treng å halde seg fin og sval i sommarvarmen. 

Eg sydde ei skjorte til minsteguten i huset for ei tid tilbake, heilt enkel modell med splitt i halsen og to knappar til lukning. Den himmelblå bomullen står så fint til den rutete i blågrønt, og gjør seg godt på ein liten lyslugg. Storesøstra kallar denne for Emilskjorta, og det er kanskje ikkje så rart? Den har blitt brukt mykje både til kvardags og fest, og no er den snart for liten. Dei veks så fort i den alderen! No er guten halvanna år og det er på tide å sy nye skjorter til han. Eg trur nok det blir ei i kvitt, og kanskje ei i seljegrønt?

Knappane er nokre gamle eg har hatt liggande, frå eit eller anna bruktfunn. Eg har mange knappar av same type i forskjellige fargar, eg syns dei er kjempefine sjølv om dei kanskje var litt store for denne skjorta. Skal tru når dei er frå? 


Eg har altså brukt himmelblå og blågrøne ruter til denne skjorta - det rutete stoffet lagde eg skråband av og brukte det til halskant og hemper. Til og med søndag får du 20% rabatt på begge desse stoffa, altså 72,- mot vanleg pris 90,-. Og igjen, husk at det er fri frakt heile månaden i nettbutikken. Håpar alle får ei fin sommarveke no!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar