måndag 8. august 2011

Vekas tilbud: seljegrøn handvevd bomull

Ny veke, nytt tilbud. I ettermiddag har eg vore ute i hagen og fotografert eit stykke handvevd bomullsstoff frå India. Eg kallar det seljegrønt fordi det minnar meg om undersida på seljeblada, men det er i grunnen vanskeleg å definere kva dette egentlig er for farge. Ein dus grågrønn, som også skjærer litt i blått. Ein kunne sikkert også kalt den tåkegrå, støvet turkis, havskumblå kanskje? Den minnar meg om fargen på eit trosteegg, faktisk. Fin er den i alle fall! Kvaliteten er handvevd, så den er svakt uregelmessing i strukturen, veldig lett og fin. Eg vil så gjerne sy meg ei skjorte i dette stoffet, men det skortar på tida. Kanskje eg har den klar til neste sommar?

No kan i alle fall du få dette stoffet med 20% rabatt, altså frå 90,- til 72,- pr meter, til og med søndag.

1 kommentar:

  1. Nydelig farge! Det er så mye flott i den grønne fargeverden!

    SvarSlett