måndag 18. juli 2011

Vekas tilbud - sval handvevd økobomull

Det er sommar for tida, og me får faktisk enkelte soldagar innimellom også. Når ein har småbarn i hus som slett ikkje likar å bli smurt inn med solkrem kan det vere greit å finne alternative måtar å beskytte dei frå strålane. Og då er den lette handvevde bomullen i nettbutikken heilt perfekt! Ypperlig til plagg som skjortar, bluser og kjolar når ein treng å halde seg fin og sval i sommarvarmen. 

Eg sydde ei skjorte til minsteguten i huset for ei tid tilbake, heilt enkel modell med splitt i halsen og to knappar til lukning. Den himmelblå bomullen står så fint til den rutete i blågrønt, og gjør seg godt på ein liten lyslugg. Storesøstra kallar denne for Emilskjorta, og det er kanskje ikkje så rart? Den har blitt brukt mykje både til kvardags og fest, og no er den snart for liten. Dei veks så fort i den alderen! No er guten halvanna år og det er på tide å sy nye skjorter til han. Eg trur nok det blir ei i kvitt, og kanskje ei i seljegrønt?

Knappane er nokre gamle eg har hatt liggande, frå eit eller anna bruktfunn. Eg har mange knappar av same type i forskjellige fargar, eg syns dei er kjempefine sjølv om dei kanskje var litt store for denne skjorta. Skal tru når dei er frå? 


Eg har altså brukt himmelblå og blågrøne ruter til denne skjorta - det rutete stoffet lagde eg skråband av og brukte det til halskant og hemper. Til og med søndag får du 20% rabatt på begge desse stoffa, altså 72,- mot vanleg pris 90,-. Og igjen, husk at det er fri frakt heile månaden i nettbutikken. Håpar alle får ei fin sommarveke no!

fredag 15. juli 2011

Gode loppefunn - småblomstrete

Det har vore mykje småblomstrete her i det siste, det er vel berre å innsjå at eg er veldig svak for det. Så her kjem like godt meir. Denne gongen er det favorittar eg har plukka opp på loppis og i brukthandlar, eg syns alle desse er knallfine og har liten lyst til å klippe i dei. Det må i så fall bli til heilt spesielle prosjekt!
Husk vekas tilbud, to dagar til!

måndag 11. juli 2011

Vekas tilbud - Moss | Crimson

Eg skreiv om skjørteplanane mine eit par innlegg nedanfor, og no er skjørtet ferdig. Mønsteret er frå Sew Serendipity, for øvrig ei veldig fin bok, og stoffet er ein lin/viskoseblanding øverst og eit raudblomstrete økostoff nederst. Til pynt klipte eg tre cm breie remser av linstoffet og rynka dei, for så å sy dei på skjørtet. Så fornøyd var eg med resultatet at eg velger meg det raude stoffet, Moss | Crimson, til vekas tilbud denne gongen! Det er eit stoff i økologisk bomull, det er mjukt og har veldig fint fall. Til og med søndag 17. juli kan du få 20% rabatt på dette, altså frå 135,- til 108,-. Og når det dessutan er fri frakt heile juli så kan du gjøre eit lite kupp her!



Eg og Monsemann poserar

måndag 4. juli 2011

Vekas tilbud - oransje frotté

Eg prøver på noko nytt no i desse sommartider, eg kjem til å legge ut ein eller annan vare på tilbud kvar veke ei tid framover. Kanskje akkurat det du ønsker deg kjem til å dukke opp snart?

Denne veka er det oransje frotté som er på tilbud. Du får 20% rabatt på den, altså 140 kr,- meteren mot normal pris 175,-. Denne frottéen er ikkje for dei som er sjenerte for den er rimelig knall i fargen. Men kjenner eg sydamer i dette landet rett så er det mange som ikkje viker tilbake for friske fargar! Den er utruleg mjuk og god, smidig og lett, fin til barnetøy, kjoler og tunikaer. Og sjølvsagt er det 100% økologisk bomull. Tilbudet varar til og med søndag 10. juli.

Husk også at det er fri frakt i nettbutikken heile juli!

fredag 1. juli 2011

Fri frakt i juli

Kanskje er det nokon som tenker at dei skal få god tid til å sy i sommar? Og som ønsker seg eit par tilskot til stofflageret? Då kan dei handle hos meg og få fri frakt, heile månaden, ta ein tur innom og sjå om det er noko som fristar!
 Eg har i alle fall tenkt å sy masse. Først skal eg sy meg eit skjørt til, eg var så fornøyd med mønsteret i Sew Serendipity, så det blir eit til frå same mønsteret men denne gongen ein enklare variant utan rysjekantar. Eg skal bruke Moss | Crimson frå nettbutikken, og eit knallfint lin/viskosestoff som eg kom over her forleden. Eg fekk tak i ein heil rull faktisk, frå ein nedlagt gardinbutikk, kanskje det kjem i nettbutikken etterkvart - med mindre eg bestemmer meg for å beholde alt sjølv då. Det er det som er faren med å ha eigen stoffbutikk, innerst inne vil ein egentlig ha alt sjølv...

Eg trur dette kan bli ein bra kombinasjon, her heng stoffa på tørkesnora tidlegare i dag:

laurdag 25. juni 2011

Gode loppefunn - tekstilar

Eg gjekk jo så kjekt ut her for ei tid tilbake og sa eg skulle presentere gode loppefunn kvar lørdag framover. Tja. Det blei visst berre eit par gonger så langt. Men eg har tenkt å skjerpe meg! Eg tenkte høgt i dag og lurte på kva eg skulle skrive om, då sa mannen i huset at det var vel berre å gå ut og ta bilde av klessnora. Og det hadde han heilt rett i, for sånn såg nemlig den ut i dag:

Eg har hatt ein stor stabel tekstilar liggande i kjellaren etter årets loppemarknader, og det tar si tid å vaske seg gjennom dei. Men no nærmar eg meg botnen, og her er dagens vaskemaskinladning. Det var godt tørkever ute, og eg må jo seie at tørkestativet sjelden har vore så fotogent. Eg klarar ikkje gå forbi gamle broderte dukar og fragerike tørklær på sånne marknader, må berre ta dei med meg heim. Mange av dei eg har er gamle, slitte og flekkete, men eg har ein plan om kva eg skal bruke dei til. Meir om det etterkvart. Men no som eg vurderar å sette saksa i enkelte av dei, merkar eg at det melder seg eit behov for å tidfeste broderia. Eg vil jo nødig klippe opp noko som kan vere verdt å ta vare på! Så no leitar eg etter gode kjelder på sånt, nokon som har tips?
Sjå denne for eksempel. Nydelige fargar, brodert på lin,  men veldig slitt.Nokon har brydd seg nok om den til å bøte hola forsiktig, det seier vel litt om at duken har vore høgt verdsett.  
Denne er også lin, brodert med korssting og kanta med blonde. Eg syns fargen er så fin!
Eg fann også ein pose med eit halvferdig lappeprosjekt, og fleire ferdig klipte ruter og strimlar. Nydelige småblomstrete stoffer:
Og sjå korleis fargane på dette tørkleet og løparen står saman:
Og denne dama, kva er det ho driv med?
 Fargerik fugl på stramei:



 Eg har etterkvart ein heil del slike gamle tekstilar, og for meg er dette små skattar. Noko av det finaste eg eig. Så vil tida vise om eg vågar å gi dei nytt liv i ein annan form!

PS: husk at det enno er tilbud i nettbutikken, til og med søndag!

måndag 20. juni 2011

Vinnarane!

Då har eg trekt fire vinnarar av gi-borten!

Lodd nr. 19 vann blå pakke, det var Vibeke fra Zikk Zakk Design
Lodd nr. 50 vann grå pakke, det er Hege
Lodd nr. 104 vann raud/kvit pakke, det er Unni Strand
og lodd nr. 129 trekt av g u r o vann blomstrete pakke

Gratulerer så mykje, send meg adressene dykkar så blir det pakke i posten.

Og sidan interessa har vore så overveldande så utvidar eg likegodt tilbudet ei veke til, altså 25% rabatt på heile kolleksjonen frå Westfalenstoffe til og med 26. juni! Og om du vil ha tips og idéar til ting du kan sy av dei så ta ein kikk nedover i bloggen her, her er både bilder, oppskriftar og mønster. Tusen takk til alle som deltok i konkurransen og alle som har kome med hyggelige kommentarar undervegs, det set eg stor pris på. No skal eg bruke tida framover til å stikke innom alle nye føljarar, det gler eg meg til. Ha ei fin juniveke, alle saman!