fredag 10. desember 2010

Endeleg kjem det økojersey og velour i butikken!

Dette har eg venta lenge på! Endeleg fekk eg stoffprøver på velour og jerseystoffer. Ikkje visste eg at det skulle vere så vanskeleg å finne ein god leverandør av økologiske trikotstoffer, men det er det altså. Så venta eg ei lita evigheit på vareprøver som tydelegvis forsvann i posten. Nye prøver blei sendt, men det er langt frå India til Vestlandet så det har også tatt si tid... Men no er dei her og dei er FINE! Det er fleire som har etterspurt dette så no er eg glad for å seie at det ser ut til å vere på gong. 
I utgangspunktet hadde eg tenkt å nøye meg med velour og nokre utvalde stripestoff, men eg fekk også med prøver på frotté og den var så fin at eg trur jammen eg må ta inn litt av den også. Og då meiner eg ikkje handklefrotté men mjuk, elastisk frotté i 100% økologisk bomull, perfekt til klede som skal vere behagelege og smidige. Velouren var også fin, tjukk og mjuk. Også den er i 100% økobomull. Så eg kjem til å ta inn begge desse, samt eit utval trykt/stripete jersey og interlock. Velouren og frottéen er omlag 150 cm brei og kjem til å ligge på 175-180 kr meteren, litt avhengig av frakt- og importutgifter. Eg håpar dei vil vere på plass om ein månad eller to, slike ting tar jo alltid mykje lengre tid enn eg trur så to månader er vel kanskje meir realistisk.
Og til de som syr mykje klede: om de er interessert i å forhåndsbestille større mengder (minimum 10 meter i blanda fargar/kvalitetar) kan eg ordne rabatt. Gi meg i så fall ein lyd på elisa(a)linogpapir.no i løpet av den neste veka, så sender eg meir info.

3 kommentarer:

  1. Stoffene ser kjempeflotte ut!
    Jeg fikk lyst til å prøve å sy med dem, selv om det ikke er sånne ting jeg lager.

    SvarSlett
  2. Hei du!
    Jeg har bestilt med overlockmaskin!
    Når den kommer, må jeg jo øve meg litt. Så jeg tenkte å prøve å sy noe koselig til datteren min. Har du fått noen leveringstid på disse fine stoffene fra leverandøren?

    SvarSlett
  3. Hoho, spennande med overlock! Det ser ut til å ta lang tid med desse, men eg håpar dei skal vere her i løpet av februar.

    SvarSlett