måndag 15. august 2011

Tilbud denne veka: sirkuselefantar


Denne veka er det ein skikkelig godbit som er på tilbud! Dette søte trykket frå Cloud 9 Fabrics med små sirkuselefantar er deilig og mjukt, ein fin lett kvalitet. Det er naturlegvis økologisk, produsert i India og passar perfekt saman med Flock, Speckle | Lime og Speckle | Sky. Ut denne veka får du 20% rabatt på det, altså 132,- mot normal pris 165,-. 

Eg brukte det i sommar når eg sydde leiketelt til ungane, saman med ubleika bomullslerret. Eg skal love dykk at eg vrei hjernen godt der eg prøvde å huske formlar frå mattepensum på ungdomsskulen, det der med trekantar og hypotenus veit du. Heldigvis har visst den matematiske forståinga mi blitt betre i dei tjue (!) åra sidan den gong, og eg fekk det til etter ei stund. Men teltet har absolutt forbetringspotensiale og eg trur eg må lage ein versjon 2 etterkvart. Kanskje eg slår til med syveiledning her også hvis det er interesse for det?

Ungane er i alle fall fornøyd, sjølv om minstemann konsekvent brukar vinduet som inngang, set seg fast fordi det er for lite, og veltar heile teltet til like stor fortviling for storesøstra kvar gong. Sukk.

 



2 kommentarer:

  1. Nå har jeg kost meg med å bla gjennom bloggen din. Det er så mye fint her. Aller best liker jeg å se loppemarkedstoffer og hva man kan få ut av dem. Mvh Siri:-)

    SvarSlett