onsdag 8. desember 2010

Julegåvetips # 5 - Erteposar

Eg har tenkt og tenkt på kva eg skulle bruke desse fine lappane med trykte tal frå STRAND Redesign til. Plutselig ein dag kom det til meg - erteposar! Hypnotiserande gode å kaste på for folk i alle aldrar, i alle fall her i huset.
Eg har brukt tallappar i turkis, grønt og lilla, men dei andre fargane ville nok også vore fine. Eg ser for meg tal i raudt med bakside av ulike raudmønstra stoffer, eller tal i ulike fargar med mønstra baksidestoff i fargar som står til talet slik at det blir ein regnbogeblanding. 
Eg har fylt mine med 40 gram ris i kvar pose, det var fordi det ikkje var ei einaste tørr ert eller bønne å oppdrive i huset den kvelden eg fekk ånden over meg. Ris funkar fint det også! vidare tenkte eg på skitne små fingrar og fann ut at det var tryggast å lage vaskbare poser. Dermed blei det innerpose av ubleika bomullsstoff og yttertrekk med konvoluttopning. Som eit putertrekk i miniatyr! Tallappane er 11,5 x 11, 5, så eg klipte to bitar av kvit bomull på 11,5 x 9 cm til baksida. Eg brukte bitar av eit gamalt laken, klipte dei av den eksisterande oppleggkanten slik at eg sparte meg den jobben! Sydde ein bit fast på kvar side av tallappen. Så la bretta bakdelar og framside rette mot rette, slik at dei to mindre bitane overlappa. Ein søm på kvar side og vips - ferdig! Eg innser at eg burde tatt bilder underveis og laga ein skikkelig steg-for-stegforklaring, men om de kikkar på denne linken så er framgongsmåten forklart der.

Husk forresten å bli med på utlodninga der du kan vinne materialer til julekort, trekning på søndag! 

3 kommentarer:

  1. Hei, og takk for hyggelig kommentar på bloggen min. Så artig å finne veien hit til den fine bloggen og butikken din!

    SvarSlett
  2. Så fine! Har lurt lenge på å sy erteposer selv, så kanskje jeg også plutselig får ånden over meg :)

    SvarSlett