onsdag 5. januar 2011

Fokus på: Forest Friends Flanell

Dette innlegget burde ha blitt skrive for lengst, men av stadig nye grunnar har det aldri blitt til. Så det er på høg tid å rette fokus mot denne nydelige flanellkolleksjonen, særleg sidan den no er på nyttårssalg med 15% avslag! Dette er den tredje kolleksjonen til Cloud 9 Fabrics, eit lite selskap som består av to ildsjelar med økologisk bomull som hjertesak. Flanellen er trykt med søte kaniner og ugler i spreke fargar som grønt, turkis og rosa med eit design som sender tankane tilbake til 1950-talet, men samtidig har eit høgst moderne preg. Kven sa at miljøvennleg = kjedelig design?

Som alle andre bomullsstoff i nettbutikken er dette 100% økologisk, GOTS-sertifisert bomull. Det er produsert i India og trykt med miljøvennlege, løysemiddelfrie fargar. Det er ikkje etterbehandla med mjukgjøringskjemikalier som mange konvensjonelle flanellsstoff, difor kan det virke litt stivt når det er heilt nytt. Men det blir mjukt og fint etter vask!

Eg har sydd litt ulikt av denne flanellen, de huskar kanskje dokkebleia der eg la ut mønsteret eg lagde? Og i lengre tid lova eg treåringen min pysjamas med ugler på og no i romjula blei det endeleg tid til det. Den er basert på ein barnepyjamas i boka Sy til barn, men eg har byta ut knapping framme med splitt i halsopningen samt gjort overdelen lengre og meir utsvingt. Pysjen falt i smak og er gått inn i sirkulasjon!

Eg har også laga babyteppe og babysett med smekker og gulpeklutar av denne kolleksjonen, det er for øvrig materialpakkar til desse å få kjøpt i butikken!

Og i bloggen til Cloud 9 Fabrics kan ein finne mange fine prosjekt, som til dømes desse ballane:

Babyquilt (med tutorial - klikk på bildet for å komme dit!):


Venninnegåvesett med tøfler, varmepute og oppbevaringspose (med tutorial - klikk på bildet!)

Kjole:

Pute (med tutorial - klikk på bildet for å komme dit!:

Ugleputer:
Mange bruksomåder med andre ord - kanskje du blir inspirert?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar