Du treng tre rektangel, så breie og så høge som du vil ha det ferdige forkledet, pluss to cm saumrom i kvar retning. Mine bitar var 70 cm breie og 30 høge. Eit baksidestoff (eg brukte naturfarga bomull), eit framsidestoff og eit lommestoff. Brett lommestoffet dobbelt på langs og stryk.
Legg framsidestoffet nederst med rettsida opp. Legg lommestoffet oppå, med råkantane på linje med nedre kant av framsidestoffet. Nål det fast. No skal du sy lommene, og du må markere opp kvar du vil ha saumane. Eg valgte å ha ei ganske brei lomme på midten (16 cm), så eit par litt smalare på sida (8 cm), og nokre heilt smale til pennar osv (4 cm) utforbi der igjen. Men du kan legge det opp akkurat slik du vil sjølv.
Så syr du loddrette saumar på rosestoffet etter markeringane slik at det dannar seg lommar der du vil ha dei. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen så det blir beine saumar!Legg baksidestoffet oppå der igjen og nål fast.
Sy ein saum rundt heile greia, men la det vere ein opning øverst midt på, ca 10 cm burde halde.
Klipp av hjørna.
Vend forkleet gjennom vrengeopninga, bruk ein strikkepinne eller liknande for å dytte ut hjørna, og stryk. Sy ein stikning langs heile kanten, som samtidig lukkar vrengeopninga øverst.
Finn eit passande band. Det kan vere eit ferdig band, eller du kan sy eit band av eit passande stoff. Dette skal bli knytebelte så du treng nok til at du kan knyte det rundt livet. Eg brukte vel to meter økologisk bomullsband, då hadde eg masse å gå på.
Nål bandet fast ca ein cm nedanfor øvre forklekant. Bruk ein bit band til å feste ein D-ring om du ønsker det. Og ein bit smalare band til å lage ei hempe, her kan du f.eks. henge saksa.
Sy ein stikning i kanten av bandet, både langs langsidene og kortsidene.
Du kan pynte forkledet om du vil, med blonder, knappar, rosettar, fleire band osv. Eg er veldig glad i gamle perlemorsknappar og ville ha ein på kvar side.
Ferdig!
Morsomt forkle dette da! Og kjekt og nyttig! :)
SvarSlett