onsdag 2. november 2011

Det går mot juletider

Mange syns kanskje det er i tidlegaste laget å tenke jul no, men faktum er at me er på full fart inn i sesongen enten me likar det eller ei. Eplas julebok er i alle fall trygt i hus, og eg kan anbefale den på det varmaste. Det kan visst Monsemann også:

Boka er flott å kikke i, og det er massevis av tips, oppskriftar og idear - burde vere noko for ein kvar, skulle eg tru. For min del så har eg lyst til å sette i gang med fleire av prosjekta i boka, eg skal i allefall ha ein sån her liten skog i vinduskarmen, og då skal eg bruke mønsterark av resirkulert papir frå nettbutikken, kanskje dette og dette, eller dette og dette? Eg skal klare å leite fram ein liten hjort eller to i ei av leikekassene også. Ungane mine er veldig glade i leikedyr, men heilt ukritiske til naturlege biotopar så eg ser vel egentlig for meg at den trolske skogen fort kan bli inntatt av sjiraffar, elefantar og dinosaurar også. Og kvifor ikkje?



Men foreløpig har eg ikkje tid til noko som helst, for eg er travelt opptatt med å sy ulldyr til årets første julemarknad som går føre seg i Grieghallen på lørdag og søndag. Skal du dit så kom gjerne innom standen min og sei hei!

Elles så minnar eg om at salget held på framleis i nettbutikken. Kanskje du skal sy julegåver i år? Då er det på tide å sette i gong no!

2 kommentarer:

  1. Denne boka har jeg skaffa meg også, fant mye fin inspirasjon der.

    SvarSlett
  2. Den boken tror jeg jammen jeg må ha:-)
    Ser kjempefin ut!

    SvarSlett