måndag 14. november 2011

Sy veske?

I dag skal eg vise fram dei fine veskene som søstra mi har sydd. Ho har brukt det nydelige rosa blomehagestoffet mitt, med limegrøne polkadottar på innsida - ein frisk og freidig kombinasjon som eg syns funkar kjempefint.

Mønsteret er The buttercup bag, det kan du laste ned gratis på den inspirerande bloggen Made by Rae. Du kan også kjøpe mønsteret for ein billig penge, då får du stor versjon i tillegg til den vesle samt løyve til å selge vesker sydd etter dette mønsteret. Det er eit kjempepopulært mønster som har gått sin seiersgang verda over, det er brukarvennleg og lett forståeleg og resultatet er ei praktisk, fin og høgst anvendeleg veske. Eg har tenkt å prøve meg på det sjølv også, når eg berre får tid. Men desse er i alle fall knallfine syns eg, og kjempefine å lage i julegåve til nokon du er glad i.



















Lyst til å lage ei sånn sjølv? Heile november får du gratis frakt i nettbutikken, og husk også tilbudsvarene!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar