onsdag 2. mars 2011

Eit bloggedilemma og eit pippikostyme

Då eg opna nettbutikken i oktober i fjor tenkte eg med ein gong at eg også måtte lage butikkblogg. Eg har blogga tidlegare også, i om lag tre år. Først om hagen, så om handarbeid. Hagebloggen er ganske stille for tida, men eg har eit håp om at det skal bli meir liv der snart. Men etter at eg oppretta Lin & Papirbloggen har eg ikkje heilt visst kva eg skulle gjøre med handarbeidsbloggen. Eg har brukt ein del tid på å gruble over korleis eg skulle gripe det fatt. Kvar går grensene mellom det som høyrer til i ein privat blogg og ein butikkblogg? Korleis fordele det eg lagar mellom dei to? Og kvar kjem ulldyra inn i bildet?

Løysinga gav seg egentlig sjølv når eg innsåg at eg slett ikkje ville skrive ein butikkblogg der det berre er innlegg av typen ’No er det salg!’ og ’Nye varer i butikken’. Det er ikkje noko givande i det, verken for den som skriv eller den som les. Derfor, kjære venner, blir det no slik at alt kjem til å havne i denne bloggen. Både det som har med butikken å gjøre men også meir personlege fortellingar om kva eg gjør, lagar og tenker. Eg håpar ingen tar seg nær av det. 

Og då startar eg med å vise fram kostymet eg laga til karnevalet i barnehagen forrige fredag. Skjønt kostyme er vel å ta litt hardt i, det er strengt tatt berre ein forklekjole. Men her i huset meiner me at det er tilbehøret som gjør eit antrekk, og det er heilt klart tilbehøret som spelte hovudrolla denne gongen også! 

I fjor sydde eig ein kjempefin rødhettekappe til dottera i huset (kvelden før, sjølvsagt) men ho nekta fullstendig å ta den på seg. Det var ikkje snakk om å kle seg ut til noko karneval, aldeles uaktuelt. Det skal nevnast at jenta var midt i verste trassalderen og aldri ville ha på seg noko nytt før det hadde gått minst ei veke. 
No er ho snart fire og heldigvis litt meir fornuftig, men likevel vart eg overraska då ho begynte å snakke om karneval lenge før jul. Ho ville vere Pippi, sa ho. Flotte greier, sa eg og tilbydde meg å sy forklekjole med lomme på magen, akkurat som i Pippiboka. Ja, men ho trengte apekatt også, fekk eg til svar. Herr Nilsson måtte jo sjølvsagt vere med! Det har sine ulemper å drive kosedyrproduksjon i kjellaren, på heimefronten blir det nemlig forventa at ein kan trylle fram kva det skal vere på null komma niks. Men eg tenkte at apekatt skulle vel gå an, og resultatet låg under juletreet på julaftan. Herr Nilsson var ein sikker hit, han har blitt dulla med og lekt med kontinuerlig sidan jul. Det varmar eit morshjerte når ein ser at den mest populære julegåva var den som var heimelaga! 
Men etter ei stund begynte det å bli snakk om hest også. Kostymet ville ikkje vere komplett utan Lille Gubben. Hjelpes, tenkte eg, får eg dette til? Men då det slo meg at det kunne vere kjepphest, løsna det. Og kjepphest blei det. Dette er ein prototyp med heilt klart forbetringpotensiale, men han gjorde jobben.  Egentlig skulle han hatt både nasebor og grime også, men det får eg ha til gode. No er eg er hekta og har lyst til å lage ein heil serie kjepphestar! Hvis eg berre hadde hatt tid...
Det spøkte for heile karnevalet då me fekk omgangssjuka i hus og hovudpersonen begynte å kaste opp på mandagen før. Ho hangla seg gjennom veka men var heldigvis frisk til fredagen og deltok i karnevalsfest med liv og lyst. Og med dei finaste accessories i heile barnehagen, om eg skal seie det sjølv!

3 kommentarer:

  1. WOW :o)
    For noen herlige ting :o)
    Herr Nilsson traff meg midt i hjerte.
    For en skjønning:o)
    Ikke rart de tror du kan trylle hjemme hos deg.
    For det kan du jo :o)

    SvarSlett
  2. Takk! Eg er ganske fornøyd med Her Nilsson, ja. Eg trur det mp bli eit par sånne til eplabutikken etterkvart.

    SvarSlett
  3. Så fine!! Enig i at Herr Nilsson var noe for seg selv! ;-)

    SvarSlett