torsdag 16. juni 2011

Hårfint

Uff, pc-trøbbel i heimen gjorde at eg ikkje fekk publisert dette innlegget i går som planlagt. Men her er det omsider. Husk gi-bort og rabatt på Westfalenstoffe denne veka!
I dag skal me sjå på ting til håret, eller rettare sagt hovudet kanskje? Barbro har laga dette kjempesmarte brettet/tavla til hårspenner. Eg må visst lage noko slikt eg også, det florerar av klemmer i alle slags fargar og variantar hos oss. Dette var ein ypperlig måte å samle dei på! Sjå også denn fine bilderamma som ligg under.
 
Barbro har også sydd desse nydelige luene til dei aller minste, sånne som kanskje ikkje har all verda med hår i grunnen. Har du sommarbaby kunne kanskje ei slik lett lue vere noko?
Huskar de det blå skjørtet frå tirsdagens innlegg? Det var som sagt julegåve til ei niese, og eg sydde også matchande hårband, ein kjapp og enkel vendbar variant. Eg sydde eitt til her om dagen, til mi eiga jente. Og eg tok bilder underveis og laga eit slags mønster, det finn du her om du har lyst til å prøve deg.

5 kommentarer:

  1. Super smart hårspenne sammler.
    Dekorativ også.
    Takk for tips og kjempe søte mønstre :o)

    Klem :o)

    SvarSlett
  2. Så masse herlig stoff og fine ting! Me like :)

    SvarSlett
  3. Så herlege kreasjonar, nydeleg hårband :)

    Klem!

    SvarSlett
  4. Barbro lager så mye fint;))
    Og så utrolig nydelig hårbåndet var ♥
    Så flink du er!
    Og kjempefint at du legger ut step-by-step, det LIKER jeg godt, hihi;))

    Klem Line

    SvarSlett