onsdag 30. mars 2011

Bruk stemmeretten!


Lånar overskrifta frå min gode samarbeidspartnar Unni Strand og oppfordrar alle til å gå inn på Håndlaga 2011 og stemme på favorittane dine!

Unni og eg har etterkvart brukt ganske så mange arbeidstimar på dette prosjektet (tør ikkje telle kor mange...) og no er me kome så langt at det skal stemmast over ti finalistar i kvar kategori. Det var utruleg mange gode nominasjonar i kvar klasse, og dommarane som har valgt ut finalistane har gjort ein stor innsats. Ikkje enkelt å plukke ut ti stykker, det veit eg sidan eg og Unni dømte i redesignkategorien. Uansett, no er det gjort og det er åtti verdige finalistar til saman. 

Me håpar så mange som mulig vil komme og stemme! Ein kan stemme ein gong i kvar kategori, så her gjeld det å tenke seg godt om. Kva er dine favorittar?

laurdag 26. mars 2011

Årets første loppemarknad

... er unnagjort for min del. Vanvittig mykje folk! Eg var der ein time etter åpning og det var ikkje lett å komme seg fram der inne. Men slik er det jo på loppis no for tida. Når eg er på loppemarknader pleier eg først og framst å sjå etter fine stoffer og gamle ullplagg. I dag var det ikkje mykje stoffer å finne, eit par dukar fekk eg med meg. Men i klesavdelinga hadde eg meir hell, ein bunke ullgensrar til 20 kr stykket skal få seg ein kokvask og bli fine, nye ulldyr etterkvart. Og så fann eg ei gammal kåpe med 20% kasjmirull og resten vanleg ull i ein fin varm kremfarge. Nydelig, mjukt stoff i den, og det skal eg bruke til noko eg har hatt lyst til å prøve meg på lenge - tøydokker! Eg kom også over eit stort garnnøste i ein fin kastanjeraud farge, det kan bli dokkehår. Ser det ikkje ut som ein bra kombinasjon?
Hønene eg har i Blåbærbutikken har vore ganske populære, og eg syns det er moro å lage dei. Desse lagar eg ikkje av tova ullgensrar men av tweedliknande stoffer, og så prøver eg å finne hønseraser som passar til stoffa. Her i hagen har me fleire høns av ulike raser og blandingar, men stashønene er utvilsomt to sølvranda wyandotter. I forrige veke klarte mannen i huset å skaffe ein hane til dei, så no blir det forhåpentligvis reinrasa kyllingar i løpet av våren! Eg har vore på utkikk etter eit ullstoff som kunne passe til desse wyandottene, og i dag kom eg over eit gamalt ullskjørt i hanefotmønster. Eg trur det kan vere tingen! 
No klør eg i fingrane etter å sette i gang med både det eine og det andre, men eg har vel ein del prosjekt eg må bli ferdig med først, som vanleg. Og no skal snart lysa slokkast i anledning Earth Hour, me skal ta oss eit glas vin og nyte ein fredeleg lørdagskveld. God kveld vidare til alle som er innom!

Og psst, husk helgerabbatten på 15% i butikken!

fredag 25. mars 2011

Fredagsfavorittar

Mine fredagsfavorittar frå Epla i dag, sidan det er Earth Hour denne helga måtte det bli grønne favorittar. Spesielt det hekla armbandet frå Fin i Formen likar eg veldig godt (i tilfelle nokon frå slekta er innom og lurar på kva eg ønsker meg til ein ikkje så altfor fjern bursdag...). Klikk på bildet for å komme til lenkene!
Husk at denne helga er det Earth Hour-kampanje i butikken, 15 % rabatt på alle varer! Bruk rabattkoden earthhour når du sjekkar ut så blir rabatten trekt frå totalsummen.

tysdag 22. mars 2011

Earth Hour på lørdag

Har du tenkt å vere med på Earth Hour i år? Det er førstkommande lørdag, kl halv ni om kvelden. Slå av lyset!



Earth Hour starta i Australia i 2007, og har på rekordtid blitt eit viktig globalt symbol på miljøengasjement. Ved å slå av lyset markerar mange millionar menneske over heile verda at det er viktig å ta eit standpunkt i klimaspørsmålet. Det er WWF som står bak Earth Hour-markeringa, og eg klipper frå nettsida til norske WWF:

Earth Hour er noe mer enn en time i mørket. Det er verdens største kollektive meningsytring. Den enorme deltakelsen viser at hele verden står sammen mot klimaendringer. Men Earth Hour i seg selv får ikke klimautslippene ned. Den jobben må gjøres alle de andre dagene i året, av oljedirektører og statsministre, vindmølleprodusenter og skogbrukere, syklister, fagforeningsfolk, lærere, elever, fløytespillere, journalister og kommunale planleggere. Og deg og meg.

Det internasjonale slagordet for Earth Hour 2011 er ”This Earth Hour, go beyond the hour”. Målet er at du og jeg skal ta med oss energien og engasjementet fra tidenes største klimakampanje og gjøre mer for klimaet også de andre dagene i året. Earth Hour gir oss alle en anledning til å gjøre mer, lære mer, – og kreve mer.

Lin & Papir er naturlegvis med på markeringa, og kjører Earth Hour-kampanje i nettbutikken med 15% avslag på alt i butikken fredag, lørdag og søndag! Bruk rabattkoden earthhour når du kjem til kassa så blir rabatten trekt frå totalsummen. Med andre ord er dette ei glimrande anledning til å skaffe deg økologiske stoffer eller resirkulerte papirvarer til nedsett pris. Velg miljøvennlig også når du er kreativ!

 

laurdag 19. mars 2011

Då trekker eg!

Ja, då er dei små i seng, oppvasken tatt og freden har senka seg. Eg delte ut totalt 74 lodd i konkurransen, og mata inn tala til min venn Random.org som trakk ein heldig vinnar på lodd nummer fire. Og det var Janne sitt lodd! Gratulerer så mykje til deg, håpar du får noko fint ut av stoffa. Ta kontakt med adressa di så sender eg dei!

Så vil eg berre ønske god lørdagskveld vidare til alle saman, om de treng tidsfordriv så ta turen innom handlaga.no der me har lagt ut lister med lenker til alle dei nominerte. Massevis med bra surfing der med andre ord!

Trekning av utlodninga utsett

Kjære alle som deltok i konkurransen min under her. Eg blei sittande store delar av dagen og kvelden i går og sortere/lage lister over dei nominerte til Handlaga 2011, så det blei rett og slett ikkje tid til å trekke nokon vinnar. No er det ein strålande dag her og eg skal tilbringe litt tid med familien. Mellom anna skal årets første pølser grillast ute i hagen! Men når det lir mot kveld lovar eg å utpeike ein vinnar, så følg med.

Elles må eg berre anbefale alle på det sterkaste å ta turen innom Handlaga og sjå på alle dei nominerte, utruleg mange og utruleg flinke. Tusen takk til alle som har vore med på leiken så langt! Snart blir det finale og eg er veldig spent. 

Håpar alle andre får ein like fin dag som den me har her!

tysdag 15. mars 2011

Høner og egg

Me er så heldige at me bur i byen men likevel ikkje. Det tar ti minutt med buss til sentrum, 40 minutt å gå, men hagen vår ligg på grensa til byfjella og me har villmarka og skogen tett på. Hjorten er fast gjest hos oss på godt og vondt, kattuglene sit på tørkestativet og tutar om sommarnatta og reven luskar seg stille forbi i lia bortanfor oss. Slik er det fint å bu! 

Og ein av dei absolutte fordelane er at me kan ha ein liten hønseflokk i hagen. Akkurat no har me åtte høner i ulike fargar og fasongar, og dei forsyner oss med nydelige egg til frokostbordet. Eg har lenge tenkt eg skulle lage høner til Blåbærbutikken, og no var endeleg tida moden. Eit par prototypar blei utvikla og har blitt leika hardt med av husets produkttestarar, og det ser ut til at hønene tåler ein støyt. Eg har brukt ulike ullstoff av tweedtype som eg har hatt liggande, eg elskar tweed sjølv og har spart på desse stoffa til eit passande prosjekt. Så no introduserar eg hønsekolleksjonen min - inspirert av hønene som bur i hagen!

Og eg har også gjentatt fjorårets hit med påskeegg sydd av fine, gamle stoffer. For det meste vintage gardinar, dukar og andre gjenbruksstoffer men også eit par innslag av økobomull frå nettbutikken. Eg er godt fornøyd, men dei slår ikkje dei usannsynleg lekre nyansane på egga som kjem frå hønsehuset!

PS: Har du huska å delta i utlodninga?
PPS: Har du sett at eg har oppretta facebookside for Blåbærbutikken?

fredag 11. mars 2011

Utlodning med nye stoffer!

Då er siste tilskot på plass i butikken, knallfine stoffer i økologisk bomull frå Cloud 9 Fabrics i USA! Fire av dei er frå kolleksjonen My Happy Nursery, her snakkar me søte fuglar og sirkuselefantar i kombinasjon med polkadots i blått og limegrønt. Har du lyst til å vinne ein pakke med fire kvartmeter (stykker på ca 55x50 cm) av desse? Då kan du bli med på utlodninga og legge igjen ein kommentar under her, og fortelle kva du ville brukt desse stoffa til. Om du linkar til konkurransen frå din eigen blogg eller på facebook, får du ytterligare eit lodd. Og om du følger bloggen og/eller likar oss på facebook, får du eit tredje lodd, dei vanlege blogglotterireglane med andre ord.  Eg trekker ein vinnar neste fredag kveld, så no har de ei veke på dykk!
Cloud 9 Fabrics har også kome med ein billigare kolleksjon i økobomull, frå den har eg tatt inn to småblomstrete stoffer i rødt og petrolblått, eg er rimelig sikker på at eg må ha ein kjole i det blå stoffet. Eller kanskje det raude... 
 

onsdag 9. mars 2011

Litt nytt i full fart

Eg må berre gi ein liten sniktitt på dei siste stoffa som kom på lager, eg elskar fargane! De får berre beklage dårlige, mørke bilder - eg skal få tatt bedre bilder snart.

Det er frå Cloud 9 Fabrics, økologisk bomull alt saman. Ein ting er sikkert, no blir det endelig skikkelige gardinar på barnerommet her i huset, med sirkuselefantar på!

Dei småblomstrete minnar meg om ein kjole eg hadde ein gong på 90-talet då eg var ung, eg syns den var så fin huskar eg. Kanskje eg burde nytte sjansen no til å sy meg ein kjole til sommaren av dette? Så var det det med å velje farge, då.

Håpar på å få dei ut i butikken før helga!

onsdag 2. mars 2011

Eit bloggedilemma og eit pippikostyme

Då eg opna nettbutikken i oktober i fjor tenkte eg med ein gong at eg også måtte lage butikkblogg. Eg har blogga tidlegare også, i om lag tre år. Først om hagen, så om handarbeid. Hagebloggen er ganske stille for tida, men eg har eit håp om at det skal bli meir liv der snart. Men etter at eg oppretta Lin & Papirbloggen har eg ikkje heilt visst kva eg skulle gjøre med handarbeidsbloggen. Eg har brukt ein del tid på å gruble over korleis eg skulle gripe det fatt. Kvar går grensene mellom det som høyrer til i ein privat blogg og ein butikkblogg? Korleis fordele det eg lagar mellom dei to? Og kvar kjem ulldyra inn i bildet?

Løysinga gav seg egentlig sjølv når eg innsåg at eg slett ikkje ville skrive ein butikkblogg der det berre er innlegg av typen ’No er det salg!’ og ’Nye varer i butikken’. Det er ikkje noko givande i det, verken for den som skriv eller den som les. Derfor, kjære venner, blir det no slik at alt kjem til å havne i denne bloggen. Både det som har med butikken å gjøre men også meir personlege fortellingar om kva eg gjør, lagar og tenker. Eg håpar ingen tar seg nær av det. 

Og då startar eg med å vise fram kostymet eg laga til karnevalet i barnehagen forrige fredag. Skjønt kostyme er vel å ta litt hardt i, det er strengt tatt berre ein forklekjole. Men her i huset meiner me at det er tilbehøret som gjør eit antrekk, og det er heilt klart tilbehøret som spelte hovudrolla denne gongen også! 

I fjor sydde eig ein kjempefin rødhettekappe til dottera i huset (kvelden før, sjølvsagt) men ho nekta fullstendig å ta den på seg. Det var ikkje snakk om å kle seg ut til noko karneval, aldeles uaktuelt. Det skal nevnast at jenta var midt i verste trassalderen og aldri ville ha på seg noko nytt før det hadde gått minst ei veke. 
No er ho snart fire og heldigvis litt meir fornuftig, men likevel vart eg overraska då ho begynte å snakke om karneval lenge før jul. Ho ville vere Pippi, sa ho. Flotte greier, sa eg og tilbydde meg å sy forklekjole med lomme på magen, akkurat som i Pippiboka. Ja, men ho trengte apekatt også, fekk eg til svar. Herr Nilsson måtte jo sjølvsagt vere med! Det har sine ulemper å drive kosedyrproduksjon i kjellaren, på heimefronten blir det nemlig forventa at ein kan trylle fram kva det skal vere på null komma niks. Men eg tenkte at apekatt skulle vel gå an, og resultatet låg under juletreet på julaftan. Herr Nilsson var ein sikker hit, han har blitt dulla med og lekt med kontinuerlig sidan jul. Det varmar eit morshjerte når ein ser at den mest populære julegåva var den som var heimelaga! 
Men etter ei stund begynte det å bli snakk om hest også. Kostymet ville ikkje vere komplett utan Lille Gubben. Hjelpes, tenkte eg, får eg dette til? Men då det slo meg at det kunne vere kjepphest, løsna det. Og kjepphest blei det. Dette er ein prototyp med heilt klart forbetringpotensiale, men han gjorde jobben.  Egentlig skulle han hatt både nasebor og grime også, men det får eg ha til gode. No er eg er hekta og har lyst til å lage ein heil serie kjepphestar! Hvis eg berre hadde hatt tid...
Det spøkte for heile karnevalet då me fekk omgangssjuka i hus og hovudpersonen begynte å kaste opp på mandagen før. Ho hangla seg gjennom veka men var heldigvis frisk til fredagen og deltok i karnevalsfest med liv og lyst. Og med dei finaste accessories i heile barnehagen, om eg skal seie det sjølv!

tysdag 1. mars 2011

Nominering på Håndlaga 2011

De har vel fått med dykk at nomineringa til Håndlaga 2011 opna i går? Og allereie har det kome masse bra linkar! De kan nominere handlaga favorittgjenstandar i åtte ulike kategoriar, les meir på handlaga.no!