laurdag 25. juni 2011

Gode loppefunn - tekstilar

Eg gjekk jo så kjekt ut her for ei tid tilbake og sa eg skulle presentere gode loppefunn kvar lørdag framover. Tja. Det blei visst berre eit par gonger så langt. Men eg har tenkt å skjerpe meg! Eg tenkte høgt i dag og lurte på kva eg skulle skrive om, då sa mannen i huset at det var vel berre å gå ut og ta bilde av klessnora. Og det hadde han heilt rett i, for sånn såg nemlig den ut i dag:

Eg har hatt ein stor stabel tekstilar liggande i kjellaren etter årets loppemarknader, og det tar si tid å vaske seg gjennom dei. Men no nærmar eg meg botnen, og her er dagens vaskemaskinladning. Det var godt tørkever ute, og eg må jo seie at tørkestativet sjelden har vore så fotogent. Eg klarar ikkje gå forbi gamle broderte dukar og fragerike tørklær på sånne marknader, må berre ta dei med meg heim. Mange av dei eg har er gamle, slitte og flekkete, men eg har ein plan om kva eg skal bruke dei til. Meir om det etterkvart. Men no som eg vurderar å sette saksa i enkelte av dei, merkar eg at det melder seg eit behov for å tidfeste broderia. Eg vil jo nødig klippe opp noko som kan vere verdt å ta vare på! Så no leitar eg etter gode kjelder på sånt, nokon som har tips?
Sjå denne for eksempel. Nydelige fargar, brodert på lin,  men veldig slitt.Nokon har brydd seg nok om den til å bøte hola forsiktig, det seier vel litt om at duken har vore høgt verdsett.  
Denne er også lin, brodert med korssting og kanta med blonde. Eg syns fargen er så fin!
Eg fann også ein pose med eit halvferdig lappeprosjekt, og fleire ferdig klipte ruter og strimlar. Nydelige småblomstrete stoffer:
Og sjå korleis fargane på dette tørkleet og løparen står saman:
Og denne dama, kva er det ho driv med?
 Fargerik fugl på stramei:



 Eg har etterkvart ein heil del slike gamle tekstilar, og for meg er dette små skattar. Noko av det finaste eg eig. Så vil tida vise om eg vågar å gi dei nytt liv i ein annan form!

PS: husk at det enno er tilbud i nettbutikken, til og med søndag!

måndag 20. juni 2011

Vinnarane!

Då har eg trekt fire vinnarar av gi-borten!

Lodd nr. 19 vann blå pakke, det var Vibeke fra Zikk Zakk Design
Lodd nr. 50 vann grå pakke, det er Hege
Lodd nr. 104 vann raud/kvit pakke, det er Unni Strand
og lodd nr. 129 trekt av g u r o vann blomstrete pakke

Gratulerer så mykje, send meg adressene dykkar så blir det pakke i posten.

Og sidan interessa har vore så overveldande så utvidar eg likegodt tilbudet ei veke til, altså 25% rabatt på heile kolleksjonen frå Westfalenstoffe til og med 26. juni! Og om du vil ha tips og idéar til ting du kan sy av dei så ta ein kikk nedover i bloggen her, her er både bilder, oppskriftar og mønster. Tusen takk til alle som deltok i konkurransen og alle som har kome med hyggelige kommentarar undervegs, det set eg stor pris på. No skal eg bruke tida framover til å stikke innom alle nye føljarar, det gler eg meg til. Ha ei fin juniveke, alle saman!

laurdag 18. juni 2011

Til syrommet

Westfalenstoffeveka går mot slutten, men det er enno tid igjen til å sikre seg stoff til nedsett pris og bli med på gi-borten!

Eg likar godt å omgi meg med fine ting når eg arbeider med noko. Ting kan godt vere nyttige og praktiske og samtidig ein fryd for auget! Her er ein liten smakebit på saker og ting som kan kome godt med når ein held på ved symaskina.

Nålepute er jo eit must. Her er ein søt og populær variant. Om du har lyst til å lage ein sånn sjølv så kan du finne oppskrift her. Knappenåler som matchar nåleputa er ikkje noko must men kan gi litt ekstra glede i kvardagen.
Slike korger har eg fleire av på syrommet, der kastar eg oppi ymse greier - trådsneller, stoffrestar og allslags småting. Når eg er midt oppi eit prosjekt orkar eg ikkje rydde vekk undervegs, då er det mykje grieare å berre ha ei slik for handa og legge alt rot oppi den. Oppskrift finn du her. Der er mor mi som har sydd både korg og nålepute.
Ho har også sydd dette trekket til notatbok eller skissebok, det er ikkje så vanskeleg som ein skulle tru!
Mitt bidrag i dag er eit hobbyforkle, eller hageforkle om du vil. Eg har syrom i kjellaren, men ofte spring eg opp og ned og jobbar litt i stova i første etasje, eller eg må opp på soverommet i 2. etasje for å stryke. Må nok skaffe meg strykebrett på syrommet, ja! Men som regel glemmer eg ei saks eller ein merkepenn ein eller annan stad, og får hendene fulle når eg skal opp eller ned trappa. Same når eg er ute i hagen og jobbar, småspader, hyssing, beskjæringssakser blir lagt igjen og glemt over alt. Men ikkje no lenger! For no har eg eit forkle med masse lommer der eg skal ha plass til alt. Trur eg. Om du har lyst til å sjå korleis eg gjorde det så kan du klikke her.

Sy eit hobbyforkle/hageforkle!

Du treng tre rektangel, så breie og så høge som du vil ha det ferdige forkledet, pluss to cm saumrom i kvar retning. Mine bitar var 70 cm breie og 30 høge. Eit baksidestoff (eg brukte naturfarga bomull), eit framsidestoff og eit lommestoff. Brett lommestoffet dobbelt på langs og stryk.
Legg framsidestoffet nederst med rettsida opp. Legg lommestoffet oppå, med råkantane på linje med nedre kant av framsidestoffet. Nål det fast. No skal du sy lommene, og du må markere opp kvar du vil ha saumane. Eg valgte å ha ei ganske brei lomme på midten (16 cm), så eit par litt smalare på sida (8 cm), og nokre heilt smale til pennar osv (4 cm) utforbi der igjen. Men du kan legge det opp akkurat slik du vil sjølv.
 Så syr du loddrette saumar på rosestoffet etter markeringane slik at det dannar seg lommar der du vil ha dei. Her gjeld det å halde tunga rett i munnen så det blir beine saumar!
 Legg baksidestoffet oppå der igjen og nål fast.
 Sy ein saum rundt heile greia, men la det vere ein opning øverst midt på, ca 10 cm burde halde.
 Klipp av hjørna.
 Vend forkleet gjennom vrengeopninga, bruk ein strikkepinne eller liknande for å dytte ut hjørna, og stryk. Sy ein stikning langs heile kanten, som samtidig lukkar vrengeopninga øverst.
Finn eit passande band. Det kan vere eit ferdig band, eller du kan sy eit band av eit passande stoff. Dette skal bli knytebelte så du treng nok til at du kan knyte det rundt livet. Eg brukte vel to meter økologisk bomullsband, då hadde eg masse å gå på.
 Nål bandet fast ca ein cm nedanfor øvre forklekant. Bruk ein bit band til å feste ein D-ring om du ønsker det.
 Og ein bit smalare band til å lage ei hempe, her kan du f.eks. henge saksa.
  Sy ein stikning i kanten av bandet, både langs langsidene og kortsidene.
Du kan pynte forkledet om du vil, med blonder, knappar, rosettar, fleire band osv. Eg er veldig glad i gamle perlemorsknappar og ville ha ein på kvar side.

 Ferdig!

fredag 17. juni 2011

Til heimen

I dag vil eg vise nokre bilder av småting til nytte og pryd i heimen. Mor mi har sydd desse fine brikkene til å ha i korger og liknande.


Og ho har laga denne søte kleshengaren, fin å ha til yndlingskjolen! Her kan du sjå korleis du kan lage noko liknande sjølv. På den under er det brukt stoffrestar sydd saman i lappeteknikk.

Tøyposene til Barbro er både fine og praktiske. Eg likar å bruke sånne når eg skal ut og reise, då er det lettare å ha oversikt over kva eg egentlig har med meg og kvar det er.
Så skulle eg vise fram litt putar sydd av lappar. Men veit du, eg har ikkje fått laga dei ferdig enno. Tida strekk ikkje til til alt eg har lyst til å sy, må jo tross alt sove litt om natta også... Men eg kan i alle fall vise fram korleis du kan sy noko i lappeteknikk på ein superenkel måte! Les her om korleis eg laga dette stykket som du ser under.

Kjapp og enkel lappeteknikk

Eg likar godt klassiske lappetepper, sånne med massevis av kvadrat veit du. Men det er litt av ein jobb å klippe til alle dei små firkantane, og endå meir jobb å sy dei saman igjen. Heldigvis går det an å ta snarvegar. Ein av desse er såkalt strip piecing, der ein tar utgangspunkt i stoffstrimlar som er sydd saman. Eg hadde ein del restar av desse to stoffa, og klipte 8 cm breie strimlar fordi det var det som passa til størrelsen på stoffbitane eg hadde. Men strimlane kan vere smalare eller breiare. Når du legg strimlane ved sidan av kvarandre bør lengda og bredda på dei tilsaman nokonlunde tilsvare det ferdige arbeidet. Skal du bruke to stoffer slik som eg har gjort her for ein slags sjakkbretteffekt, må du ha eit likt antall strimlar (altså partall - 4, 6, 8, 10, 12 osv).
 Sy saman strimlane i langsidene, rette mot rette.
 Tilslutt får du eit slikt stripete stykke, press saumane. Nokon føretrekk å presse saumrommet frå kvarandre, andre pressar det til ei side. Eg veit ikkje kva som er best, men det viktigaste er vel at ein held seg til det eine eller det andre.
 Skjær sidekanten rein ved hjelp av linjal (skjærematte, rullekniv og linjal er ein knallbra investering!).
Skjær stykket i strimlar på tvers av stripene. Dei nye strimlane skal vere like breie som dei opprinnelege, i mitt tilfelle 8 cm.
 Så sit du igjen med eit antall strimlar av firkantar!
 Snu annankvar strimmel rundt slik at du får eit sjakkrutemønster.
Sy strimlane saman i langsidene, og vips så har du eit stykke lappeteppe! Du kan sjølvsagt vere mykje meir nøyaktig enn eg har vore her og passe på at alle hjørna møtest ordentlig, eg hadde det litt travelt og slurva.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal bruke dette vesle stykket til, men har høyrt snakk om at ei av dokkene i huset treng teppe. Så du skal sjå det blir dokketeppe av det!

Du kan også bruke fleire fargar/mønster, The Purl Bee har ein fin tutorial på det. Her er også ein fiffig teknikk.