søndag 12. juni 2011

Sy ein fugl!


Last ned mønsteret herfra. Skriv det ut på eit A4-ark slik at bildet dekker heile arket for å få rett storleik på mønsterdelane. Eg likar å bruke eit stoff til buken og eit anna til sidene, syns ofte det blir finast å bruke eit litt lysare stoff på buken. Klipp ut ein bukdel og to sidedelar med vel 0,5 cm sømmonn - husk at dei to sidedelane skal vere speilvendt! Teikn inn avmerkingar og innsnitt. Pass på at det du brukar til å teikne med ikkje vil vise gjennom på rettsida av stoffet, eg brukte ein blyant og teikna svakt.
Brett bukdelen dobbelt rette mot rette og sy innsnittet.

Slik blir det på retta:
Nål saman bukdelen og ein sidedel rette mot rette frå punkt A til punkt B. Bruk mange nålar spesielt i kurvene under nebbet! Hvis du er veldig tålmodig er det sikkert best å tråkle i staden for å nåle, då blir det lettare å få eit fint resultat. Så tålmodig er ikkje eg. Legg sidedeln opp når du skal sy delane saman, og følg markeringa du har teikna på stoffet når du syr frå A til B. Sy i roleg tempo, prøv å få kurvene så jevne som mulig.

Ferdig:
Nål fast sidedel 2 til andre sida av bukdelen, rette mot rette, og sy på same måte.

Nål fuglen saman i hovudet og på ryggen. Husk at det skal vere ein opning mellom punkt C og D!
Sy frå A til C, og frå D til B. For å lage opningen på ryggen pleier eg berre å feste tråden ved å sy litt tilbake når eg kjem til punkt C, før eg løfter symaskinfoten og skyver arbeidet frå meg til punkt D havnar under nåla. Så senker eg foten og startar på den nye sømmen. det er meir effektivt enn å drive å dra fuglen ut frå symaskina, kutte trådar, legge den inn igjen og sy vidare. Og så slepp ein så himla mange trådendar! No er det berre å kutte tråden som er strekt mellom punkt C og D etterpå.
Klipp små hakk i kurvene, spesielt under nebbet og på brystet til fuglen.
No skal den sjå nokolunde slik ut:
Vend fuglen gjennom ryggopninga. Det kan vere vanskelig å vende nebbet, bruk gjerne ei strikkepinne eller liknande men ver veldig forsiktig! Plutselig har den gått gjennom. Det er betre å lirke forsiktig enn å bruke makt.
Fyll fuglen med det du måtte ønske, eg likkar å bruke ull. Bruk bittesmå mengder om gangen i nebbet, og pakk det godt saman underveis. Det fins eigne reiskapar med bittesmå gaflar i tuppen for å fylle dukker og kosedyr, men eg syns det fungerar like godt med ein blyant der tuppen er knekt av. Den litt flisete tuppen held ulla fast når ein skal lure den inn på riktig stad, og pakkar den fint saman.

Fuglen held forma best om du fyller den ganke full. jo fastare den er, jo meir symmetrisk vil den bli også. Når du er nøgd med fyllinga, er det på tide å lage hempe. Eg brukte eit bomullssnøre på ca 20 cm, stakk nåla frå innsida og ut rett over ryggopninga.
Lag ei løkke og stikk nåla inn igjen på innsida, knyt endane saman og trekk i løkka slik at knuten hamnar på innsida av ryggsaumen.

Så lukkar du ryggopninga med stigesting (trur eg det heiter på norsk?).
Fest tråden godt, og stikk nåla ned ved sømmen og ut igjen ein tilfeldig plass på fuglen. Trekk i tråden så knuten senkar seg ned og blir gjemt, og klipp av tråden heilt inntil kroppen.

Fiks ferdig, heng opp! Legg gjerne igjen lenke om du syr ein slik, eg har kjempelyst til å sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar