fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!

Hjerter på ei snor, av gjenbruksstoffer og økobomull

Eg har tatt meg ein lang julepause frå blogging og nettbutikk, men no vil eg gjerne få ønske alle som er innom eit strålande nytt år! Og i same slengen må eg få takke alle lesarar, kundar og bidragsytarar for hyggelige kommentarar og gode tilbakemeldingar i året som har gått. Straks over nyttår er eg tilbake i jobb etter vel eitt år med fødselspermisjon, eg satsar på at eg likevel får tid og kapasitet til å bygge vidare på nettbutikken i året som kjem. Og eg kan jo tipse om at det nye året startar med eit aldri så lite sal på nokre utvalde varer, kikk innom igjen på mandag og sjå om det kan vere noko av interesse! 

God feiring ønskast alle saman!

søndag 19. desember 2010

Fleire julekort

Her er nokre fleire julekort som Asil har laga av papir frå butikken, visst er dei vel fine?






Og jammen har eg ikkje laga nokre sjølv også, men det er jammen ikkje lett å ta flatterande bilder no i vintermørket...



måndag 13. desember 2010

Trekning av papir

Lovde å trekke vinnaren i går kveld men då var eg rett og slett ikkje i form til det. Her i huset herjar omgangssjuka, så eg held dette kort og konsist - Random.org valgte nummer ein og det er Heidi med Passelig dose, gratulerer så mykje!

fredag 10. desember 2010

Endeleg kjem det økojersey og velour i butikken!

Dette har eg venta lenge på! Endeleg fekk eg stoffprøver på velour og jerseystoffer. Ikkje visste eg at det skulle vere så vanskeleg å finne ein god leverandør av økologiske trikotstoffer, men det er det altså. Så venta eg ei lita evigheit på vareprøver som tydelegvis forsvann i posten. Nye prøver blei sendt, men det er langt frå India til Vestlandet så det har også tatt si tid... Men no er dei her og dei er FINE! Det er fleire som har etterspurt dette så no er eg glad for å seie at det ser ut til å vere på gong. 
I utgangspunktet hadde eg tenkt å nøye meg med velour og nokre utvalde stripestoff, men eg fekk også med prøver på frotté og den var så fin at eg trur jammen eg må ta inn litt av den også. Og då meiner eg ikkje handklefrotté men mjuk, elastisk frotté i 100% økologisk bomull, perfekt til klede som skal vere behagelege og smidige. Velouren var også fin, tjukk og mjuk. Også den er i 100% økobomull. Så eg kjem til å ta inn begge desse, samt eit utval trykt/stripete jersey og interlock. Velouren og frottéen er omlag 150 cm brei og kjem til å ligge på 175-180 kr meteren, litt avhengig av frakt- og importutgifter. Eg håpar dei vil vere på plass om ein månad eller to, slike ting tar jo alltid mykje lengre tid enn eg trur så to månader er vel kanskje meir realistisk.
Og til de som syr mykje klede: om de er interessert i å forhåndsbestille større mengder (minimum 10 meter i blanda fargar/kvalitetar) kan eg ordne rabatt. Gi meg i så fall ein lyd på elisa(a)linogpapir.no i løpet av den neste veka, så sender eg meir info.

onsdag 8. desember 2010

Julegåvetips # 5 - Erteposar

Eg har tenkt og tenkt på kva eg skulle bruke desse fine lappane med trykte tal frå STRAND Redesign til. Plutselig ein dag kom det til meg - erteposar! Hypnotiserande gode å kaste på for folk i alle aldrar, i alle fall her i huset.
Eg har brukt tallappar i turkis, grønt og lilla, men dei andre fargane ville nok også vore fine. Eg ser for meg tal i raudt med bakside av ulike raudmønstra stoffer, eller tal i ulike fargar med mønstra baksidestoff i fargar som står til talet slik at det blir ein regnbogeblanding. 
Eg har fylt mine med 40 gram ris i kvar pose, det var fordi det ikkje var ei einaste tørr ert eller bønne å oppdrive i huset den kvelden eg fekk ånden over meg. Ris funkar fint det også! vidare tenkte eg på skitne små fingrar og fann ut at det var tryggast å lage vaskbare poser. Dermed blei det innerpose av ubleika bomullsstoff og yttertrekk med konvoluttopning. Som eit putertrekk i miniatyr! Tallappane er 11,5 x 11, 5, så eg klipte to bitar av kvit bomull på 11,5 x 9 cm til baksida. Eg brukte bitar av eit gamalt laken, klipte dei av den eksisterande oppleggkanten slik at eg sparte meg den jobben! Sydde ein bit fast på kvar side av tallappen. Så la bretta bakdelar og framside rette mot rette, slik at dei to mindre bitane overlappa. Ein søm på kvar side og vips - ferdig! Eg innser at eg burde tatt bilder underveis og laga ein skikkelig steg-for-stegforklaring, men om de kikkar på denne linken så er framgongsmåten forklart der.

Husk forresten å bli med på utlodninga der du kan vinne materialer til julekort, trekning på søndag! 

tysdag 7. desember 2010

Vinn materialer til julekort!

I år skal eg prøve å lage alle julekorta sjølv. Ikkje minst skal eg prøve å få dei avgårde i tide... Så då er det på tide å sette i gang! Sidan eg har så mykje fint julemønsterpapir på lager så loddar eg no ut ein materialpakke med seks mønsterark (30 x 30 cm, som vist på bildet under), ti konvoluttar i brun kraft (11 x 11 cm), samt 24 utstansa gåvelappar av desse mønsterarka i to ulike variantar. Alt er naturlegvis 100 % resirkulert papir, og mønsteret er trykt med soyabasert blekk som både er miljøvennleg i seg sjølv samt gjeø det lettare å resirkulere papiret igjen seinare. 

Vil du vinne dette? Det du må gjøre då er å linke til butikken eller bloggen, det kan du gjøre i din eigen blogg eller nettside, eller på facebook. Legg så igjen ein kommentar her! Eg trekker ein vinnar søndag 12. desember i kveldinga ein gong. Då blir det tid til ei utlodning til veka etter før jula er over oss for fullt.

Trekning av smekkesett!

Eg har jo aldeles glemt å trekke ein vinnar av smekkesettet eg lodda ut forrige veke! Den heldige tifeldig utvalde vart Fabelblå som nett har fått ei lita jente, håpar ho kan få god bruk for smekker og gulpeklutar i mjuk flannel. Og om du skulle ha lyst til å sy eit slikt sett sjølv så ligg det materialpakkar i butikken.Og forøvrig kjem det ei ny utlodning i bloggen i kveld, så her er det berre å følge med!

måndag 6. desember 2010

Fri frakt ut desember!

Her hos oss har det falt litt snø og julestemninga kjem snikande. Me feirar adventstida med fri frakt resten av desember! Posten har satt 16. desember som siste sendedato for sikker levering, så det er enno godt over ei veke igjen å bestille julevarer! Kanskje det kunne friste med stoffbitar med handtrykte raude reinsdyr? Eller mønsterpapir med julemotiv til årets julekort og gåvelappar? Eller kanskje du vil sy nokre fine hjerter til julepynt? Då kan du bruke raudprikkete økologisk bomull slik eg har gjort:
Julehjerter av bomull og ullfilt, fylt med ull. For øvrig tilsals i eplabutikken min.

fredag 3. desember 2010

Julegåvetips # 4 - Brevmappe

Det nærmar seg med stormskritt og for oss som har planar om mange heimelaga gåver i år er det berre å henge i. Her er siste tilskot hos meg, ei enkel mappe med kort og konvoluttar til den som "har alt" og ikkje ønsker seg noko. Ved å velje motiv på korta spesielt til den som skal få dei kan ein tilpasse gåva til mottakaren.

Eg har brukt Ellie Poo-kartong og konvoluttar som inneheld 25% bearbeidd elefantmøkk, og då måtte det jo berre bli elefantmotiv på korta! For å lage sjølve mappa brukte eg to A4-ark av kartongen, printa det eine med tittel og "vannmerke" på høgre halvdel og bretta det i to. Det andre arket bretta eg også dobbelt og så klipte eg ut "lommer" med passande kurver. Dei to lommene sydde eg fast på innsida av mappa, ei på kvar side. 
Korta er A4-ark som er printa med motiv, så delt i to og bretta dobbelt. Då blir det to doble kort av kvart ark. Det blei ikkje plass til fleire enn fem kort i denne mappa, men det er jo eit bra tal det!
Vanskelig å ta bra bilder i dårleg vinterlys! Eg valte å bruke gamle elefantmotiv fordi eg syns det passar til papiret. Slike vintagebilder kan ein finne fleire plassar på nettet, The Graphics Fairy har på tusenvis av gratis clip art bilder ein kan bruke utan å tenke på kopibeskyttelse og sånt. Elles kan ein også få kjøpt mykje fint på Etsy for ein billig penge, her er eit kjapt søk på "vintage digital images".