måndag 24. oktober 2011

Gladnytt på ein mandag

Eg har fått to nyheiter i dag som har gjort meg hoppanda glad! Begge er relatert til Blåbærbutikken min og det er verkeleg kjekt å få så gode tilbakemeldingar på det eg driv med der. 

Det eine er at Eplas Julebok er kome ut, der er eg med med to prosjekt - julebukk og julemus. Og bukkane er til og med på framsida, superstas! Boka ser knallfin ut, eg har ikkje sett den enno men den er på veg i posten. Gjett om eg gler meg. Boka er tilgjengeleg i kioskar og matvarebutikkar over heile landet, så om du har lyst til å sy deg ei slik lita julemus eller ein julebukk så finn du mønster og opskrift der. Og masse anna fint, ser det ut til!
Det andre er at eg er valt ut som ein av tre finalistar til BIRs miljøpris! BIR og Bergen Kommune arrangerar i haust ein stor redesignkonkurranse og eg måtte jo melde meg på med ulldyra. No er eg altså vidare til finalen og eg er naturleg nok kjempeglad! Det er veldig, veldig kjekt å få anerkjennelse for noko ein brenn for og ikkje minst gir det masse motivasjon til å drive på vidare. All ære til kommunen og BIR for å sette fokus på gjenbruk og forbruk.

søndag 23. oktober 2011

Vinnarar!

Ved hjelp av random.org har eg trekt ut to heldige vinnarar som lova. Malin vann den blå/grøne pakken og Tonje Sara vann den rosa/raude. Gratulerer så mykje til vinnarane, send meg ein e-post med adressene dykkar så skal eg få pakkane i posten så snart eg kan. 

God søndagskveld vidare til alle som er innom, og ikkje gløym salget i nettbutikken, masse flott igjen enno!

søndag 16. oktober 2011

1-årsjubileum og feiring hos Lin & Papir!

I dag (eller strengt tatt i går) fyller Lin & Papir eitt heilt år! Då eg starta butikken hadde eg fødselspermisjon og verdens beste tid, så begynte eg i jobb igjen og hadde ikkje fullt så god tid... Så eg har ikkje gitt butikken så mykje tid og krefter som eg opprinneleg tenkte. Men det har vore ein kjempehyggeleg bigeskjeft likevel så langt, og eg trivst veldig godt i det vesle stofflageret mitt i kjellaren. I høve den store dagen har eg hatt ei real vareopptelling og opprydding, og har laga til eit aldri så lite salg i nettbutikken. Kanskje nokon lar seg friste? 

Og slike jubileum blir jo ofte feira med lotteri og gi-bort her i bloggverda, så også i Lin & Papirbloggen. Eg gir vekk to stoffpakkar denne gongen, til to vinnarar, og det er frå dei nye Kaufmanstoffa. Ein vinnar får to kvartmetrar av blå tusenfryd og grøn hortensia:

Og neste vinnar får to kvartmetrar av dei tilsvarande raude tusenfrydane og rosa hortensia:

Kva gjer du for å vinne? Legg igjen kommentar under dette innlegget! Linkar du på eigen blogg/facebook/nettside får du eit ekstralodd, gi i så fall ein lyd om det her også. Eg trekker ein vinnar neste søndag, altså 23. oktober.

 

søndag 9. oktober 2011

Introduksjonstilbod på nye varer

Endeleg har eg fått alt det nye ut i butikken, og feirar det med å gi 10% introtilbod på det til og med fredag 14. oktober! Det er økologiske bomullsstoff frå den store amerikanske quiltestoffprodusenten Robert Kaufman som har kome denne gongen. Kaufman har faktisk lansert fleire økokolleksjonar den siste tida, eit teikn på at fleire og fleire ønsker å sy med stoffer som ikkje er skadelege for miljøet eller for dei som arbeider i produksjonen. Og det applauderar me! 

Eg skulle ønske de kunne få sjå desse stoffa i levande live, eg har gjort mitt beste for å ta bra bilder men det er jo ikkje det same som å ta og føle på dei. Kvaliteten er heilt herlig, dei er så glatte og mjuke og faller så fint! Denne gongen skal eg i alle fall sy meg kjole av eit av dei kinesiskinspirerte stoffa her, men eg klarar ikkje heilt å velge farge:


Ta turen innom nettbutikken og sjå, kanskje finn du noko som fristar? Her er nokre fleire smakebitar: