tysdag 18. september 2012

Dett var dett

Då er nettbutikken avvikla, og eg og symaskina skal kose oss med det vesle som er igjen av stoffer. Eg vil gjerne få takke alle som har handla hos meg desse (nesten) to åra og ønske dykk lukke til vidare. Eg lar denne bloggen ligge åpen, men eg kjem ikkje til å legge ut fleire innlegg her. Dersom du vil følge med meg vidare kan du finne meg her, hjerteleg velkomen!

torsdag 6. september 2012

Siste sjanse

Lageret har blitt tømt godt den siste tida, restane som er igjen skal eg kose meg med sjølv i tida framover. Men enno er det ein kveld og ein dag igjen før eg stenger dørene, 50% avslag på alle metervarer i butikken er eit ganske godt tilbud, spør du meg. Anyone?

måndag 3. september 2012

50% rabatt på all metervare!

Ja, no er det fem dagar igjen til eg stenger dørene i nettbutikken, og då slår eg like godt til med 50% rabatt på det vesle eg har igjen. Med andre ord, dette er tida for å sikre seg eit par godbitar. Fredag 7. september er siste dag butikken er åpen, så det er no eller aldri. 

Så vil eg minne om at eg har gått tilbake til den gamle bloggen min, om nokon vil følge med meg vidare der blir eg veldig glad!

søndag 26. august 2012

Ny-gammel blogg

Først så vil eg berre minne om at alt er på salg i nettbutikken!

Og så vil eg spørre om det er nokon som har lyst til å bli med meg over i ny/gammel blogg? Sidan nettbutikken skal leggjast ned så er det i grunnen ikkje noko meining i å fortsette å blogge her. Lin & Papirbloggen vil bli liggande, utan å bli oppdatert. Men eg har blåst liv i den gamle handarbeidsbloggen min og importert med meg enkelte innlegg herfrå som ikkje er nettbutikkspesifikke, og frå no av kjem eg til å bruke den. Så kom gjerne over dit for å følge med meg vidare, og sjå dei nye skjørta som eg har sydd meg! Hvis det er andre som har behov for klede med litt ekstra magerom for tida, så finn du framgangsmåten min der også. Velkommen!

måndag 13. august 2012

Salg på alt!

Det har vore stille her lenge no. Det er ikkje lett å finne tid til å drive nettbutikk når ein er i full jobb i tillegg til å ha småbarnsfamilie. Og når me då dessutan har kjøpt oss eit nedlagt småbruk som treng mykje kjærleik og omsorg for å komme tilbake i form igjen så blir det visst jammen ikkje meir tid då heller!

I det heile tatt er det mange spennande ting på gang som gjer at eg må ta ei lita omprioritering i livet. Hvis eg i det heile tatt skal få til å drive med litt søm og pusling i tillegg til alt det andre så må eg kutte ut nettbutikken, og det er jo nettopp syinga og puslinga som er det eg aller helst vil drive med.
Derfor, kjære venner, set eg no i gang eit opphørssalg på det som er igjen i butikken. Eg har ikkje tatt inn noko nytt i vår, dermed er det ikkje så mykje igjen heller, men no får de 25% rabatt på alle stoff eg har inne. Enkelte er det berre småtteri igjen av, andre er det litt meir. 7. september er det slutt på moroa, då blir nettbutikken ugjenkalleleg stengt. 

Eg trudde egentlig det skulle vere litt trist, men i grunnen gler eg meg til å fokusere meir på eplabutikken min og alle dei andre tinga som eg har lyst til å gjøre. Eg har lært vanvittig masse av å starte og drive nettbutikk, det har vore veldig gøy, og eg har kome i kontakt med masse hyggelige kundar. Tusen takk til alle som har handla hos meg i løpet av desse (snart) to åra!

måndag 4. juni 2012

Sommarbukser

Jøss, kven skulle tru det skulle bli så langt mellom innlegga her! Kva kan eg seie, fulltidsjobb og familieliv har gitt lite tid til anna denne våren. Men her for to veker sidan var det plutselig full sommar og ikkje vår lenger, og eg blei tatt på senga med tanke på minsten sin sommargarderobe. Eg kunne jo ikke sende guten i barnehagen med velourjoggedress i 25 graders varme, så her måtte symaskina svingast i gong. Når guten på toppen av det heile kan vere litt kresen i klessmaken var gode råd dyre. Heldigvis veit eg jo at alt som involverar kjøretøy og maskinar alltid er populært, og med dei fine bil-, fly-, tog- og helikopterstoffa i nettbutikken var saken biff.

Eit veldig enkelt buksemønster med berre to delar vart forkorta til bermudashortslengde, og eg sydde like godt fire stk når eg først var i gong. Guten var storfornøyd, og buksene gjekk rett inn i sirkulasjon. Helikopterbuksa var sjølvsagt til vask når bildet blei tatt, men den er fin den også!
No er sommarvarmen borte vekk, og minsten er tilbake til parkdress og lue. Innimellom i alle fall. Men me satsar på at det kjem meir sommarver og at sommargarderoben får lufta seg igjen.

tysdag 21. februar 2012

Samanbrettbart handlenett

For ei tid tilbake kome eg over denne linken på Pinterest, og sidan har den blitt liggande. Men her om dagen tok eg meg endeleg saman og laga meg eit slikt handlenett, det er ikkje så stort men veldig praktisk å ha med seg i veska når ein plutselig treng litt ekstra bærekapasitet. Når du er ferdig med det er det berre å brette det saman og feste strikkhempa rundt knappen, så tar det nesten ingen plass. 
Eg valte å bruke stoffa Allium og Bringebær. Eg visste jo at desse to var meint å høyre saman, men det var først etter eg hadde sydd saman nettet at eg skjønte for ein lekker kombinasjon det verkeleg er! Syns de ikkje? Neste gong skal eg lage eit som er større, kanskje med stoffa Grøn vår og Pære?





søndag 19. februar 2012

Håndlaga 2012


Då er endeleg nomineringa i gang til årets Håndlagakonkurranse! Mange huskar kanskje konkurransen i fjor, og i år gjentar me altså suksessen. Det var så gøy å sjå massevis med flotte bidrag, og oppdage fleire nye handlagafolk! No håpar me på at det blir like spennande i år, og at minst like mange tar turen innom og nominerar sine favorittar. 

I år er det 8 kategoriar; Redesign, Barn, Mann, Klær, Smykker, Hjem, Tilbehør og Bilde. Du kan nominere inntil to gjenstandar - ein sjølvlaga og ein frå nokon andre. Les meir om konkurransereglane her. Nomineringa varar til 12. mars, og alle som er med på dette er med i trekninga av finfine premiar.

Me har vore heldiga og fått med oss mange dyktige dommarar, dei skal velje ut ti finalistar i kvar sin kategori innan 30 mars. Etterpå blir det avstemning der alle kan vere med på stemmegivinga. 

Har du noko du er spesielt stolt av? Då syns eg du skal finne ein kategori som passar og nominere deg sjølv. Og i same slengen kan du nominere ein favoritt som nokon andre har laga. Og så håpar me sjølvsagt at de alle sammen vil hjelpe til med å spre det glade budskap!

måndag 13. februar 2012

Fastelavnsris

Ekskusiv fastelavnspynt av Libertystoff

Neste helg allereie er det fastelavn, og i går var me ein liten tur i skogen for å klippe nokre bjørkegreiner til fastealvnsris. Me burde nok vore ute minst ei veke før om me skulle fått grøne spirar på kvistane, men så får det heller bli grønt litt på etterskudd i år. 

Me har jo ein liten, fargerik hønseflokk i hagen og i fjor hadde me samla opp fjør frå dei i ulike fargar som me brukte til å pynte riset. Men så var det det med å finne ting igjen frå eitt år til eit anna... Og no er det kaldt ute så hønene treng dei fjøra dei har. Då måtte me tenke alternativt for å få pynt på riset. Og det mest nærliggande for meg var jo sjølvsagt å tenke tekstil. Eg hadde nokre smale strimlar av eit nydelig Libertystoff ligande framme til fryd for auget, og tenkte at dette kunne eg vel bruke. Eg fann fram eit lite knippe fleire stoff i passeleg vårlege fargar, så lagde eg og fireåringen vår eigen pynt. Og me syns det blei vel så fint som den tradisjonelle fjørpynten! Her er ein liten steg-for-stegforklaring om andre vil gjøre som oss:

Riv 1-2 cm breie strimlar av stoffet

Klipp lengder på 8-10 cm

Brett dei i to og finn fram ståltråd, blomstertråd eller liknande

Legg stoffbitane saman som ein bukett og surr tråden rundt dei bretta endane
Fest på kvisten med ståltrådendane


Du kan variere kor stor og fyldig pynten blir etter kor lange remser du klipper og kor mange du surrar saman om gangen. Her har eg brukt fire remser i kvar "fjør", men kunne nok med fordel brukt eit par til.


Her er det ferdige resultatet, litt skrint er det men det hasta med å få tatt bilder før lyset forsvann. Me skal pynte meir i morgon!

fredag 3. februar 2012

Fredagsfavorittar frå Epla

Her er mine eplafavorittar denne fredagen Klikk på bildet under for linkar til butikkane og varene, du kan også finne andre sine fredagsfavorittar her.

Og husk tilbudet som varar til søndag!

måndag 30. januar 2012

Nytt: togstoff og eit lite veketilbud

Endeleg kom togstoffet i økobomull som eg har venta på, det er i same serien som dei andre kjøretøystoffa frå Robert Kaufman. Dei er kjempesøte saman, og passar fint saman med dei einsfarga petrolblå, pæregrønne og sjokoladebrune stoffa. Sidan toga endeleg er her gir eg like godt 20% avslag på alle dei fire kjøretøystoffa ut denne veka, altså til og med søndag 5. februar! Klikk på bilda for å komme rett til dei ulike stoffa i butikken, eller sjå alle her.



fredag 27. januar 2012

Reven som lengta mot våren

Minstemann i huset fylte to år no i veka, og måtte sjølvsagt få seg eit ulldyr frå mammaen. Det vart ein rev, eg har hatt planar om å lage ein sånn lenge men dette var altså sparket som skulle til.

Eg har heimedag på fredagar, og i dag har eg og reven vore ute i skogen her bak huset og iscenesett eit lite eventyr. Har du lyst til å sjå? Klikk deg inn på bildet under!

tysdag 10. januar 2012

Jula er ute, men ikkje juleputene

Så var me i gong med 2012, får håpe at det blir minst like bra som 2011 for oss alle! Forrige helg vart jula rydda ut av huset her, men enno heng det visst litt igjen. Av alle dagar i året var det på vesle julaftan eg fann ut at me måtte ha juleputer. Behovet var så akutt at symaskin og egna stoff måtte dras opp frå det iskalde syrommet i kjellaren, og stova vart igjen omgjort til midlertidig systove endå eg hadde lova dyrt og hellig at det ikkje skulle skje. Takk og lov for tålmodige mannfolk! 
Fem sofaputer, inkludert Monsemann (den finaste av dei alle)
Juleputer blei det i alle fall, heile fire stykker, sydd av ymse gjenbruksstoff eg har hatt liggande. Og mens eg var i gang sydde eg like godt matchande vimplar til opninga mellom stova og kjøkkenet, skjønt dei har eg visst ikkje bilde av. Eg er i alle fall godt nøgd, og så er dei ikkje så utprega julete at dei ikkje kan vere sofafyll ei stund til. Av og til er det så godt med sånne prosjekt som ikkje krever så mykje konsentrasjon og likevel gjer litt ut av seg. Eg gler meg allereie til å lage nye putetrekk for å ønske våren velkomen. Kanskje i slutten av februar?