måndag 15. august 2011

Tilbud denne veka: sirkuselefantar


Denne veka er det ein skikkelig godbit som er på tilbud! Dette søte trykket frå Cloud 9 Fabrics med små sirkuselefantar er deilig og mjukt, ein fin lett kvalitet. Det er naturlegvis økologisk, produsert i India og passar perfekt saman med Flock, Speckle | Lime og Speckle | Sky. Ut denne veka får du 20% rabatt på det, altså 132,- mot normal pris 165,-. 

Eg brukte det i sommar når eg sydde leiketelt til ungane, saman med ubleika bomullslerret. Eg skal love dykk at eg vrei hjernen godt der eg prøvde å huske formlar frå mattepensum på ungdomsskulen, det der med trekantar og hypotenus veit du. Heldigvis har visst den matematiske forståinga mi blitt betre i dei tjue (!) åra sidan den gong, og eg fekk det til etter ei stund. Men teltet har absolutt forbetringspotensiale og eg trur eg må lage ein versjon 2 etterkvart. Kanskje eg slår til med syveiledning her også hvis det er interesse for det?

Ungane er i alle fall fornøyd, sjølv om minstemann konsekvent brukar vinduet som inngang, set seg fast fordi det er for lite, og veltar heile teltet til like stor fortviling for storesøstra kvar gong. Sukk.

 



fredag 12. august 2011

Fuglar

For ei tid tilbake skreiv eg om at eg jobba med fugleformer, og her er er nokre av resultata. Det er ganske langt frå ulldyra mine dette, dei tåler nok slett ikkje å leikast med! Men det er gøy å arbeide med dei, ta utgangspunkt i ein bestemt fugl og prøve å komme så tett opptil den som mogleg i forma. Den minste tar utgangspunkt i heipiplerka, og vadefuglen skal vere ei myrsnipe. Dei er sydde av ymse gjenbruksstoffer, og beina er av ståltråd. Myrsnipa sine bein har blitt surra med brun blomsterteip, heipiplerka stakkars har berre fått surra litt kopartråd rundt anklane. Men så er ho jo berre ein prototype også. Eg får sjå om det blir fleire, det er jo ein heil del arbeid med desse.



måndag 8. august 2011

Vekas tilbud: seljegrøn handvevd bomull

Ny veke, nytt tilbud. I ettermiddag har eg vore ute i hagen og fotografert eit stykke handvevd bomullsstoff frå India. Eg kallar det seljegrønt fordi det minnar meg om undersida på seljeblada, men det er i grunnen vanskeleg å definere kva dette egentlig er for farge. Ein dus grågrønn, som også skjærer litt i blått. Ein kunne sikkert også kalt den tåkegrå, støvet turkis, havskumblå kanskje? Den minnar meg om fargen på eit trosteegg, faktisk. Fin er den i alle fall! Kvaliteten er handvevd, så den er svakt uregelmessing i strukturen, veldig lett og fin. Eg vil så gjerne sy meg ei skjorte i dette stoffet, men det skortar på tida. Kanskje eg har den klar til neste sommar?

No kan i alle fall du få dette stoffet med 20% rabatt, altså frå 90,- til 72,- pr meter, til og med søndag.

søndag 7. august 2011

Dyremasker

I går fekk eg ein ubendeleg trang til å lage ei maske - ei revemaske. Det berre måtte gjerast. I dag har eg laga ei bjørnemaske og finpussa litt på detaljane. No klarar eg ikkje sjå eit dyr utan å tenke maske. Kva blir det neste, skal tru? Kanskje er dette noko for eplabutikken min, men dei er rimeleg arbeidskrevande desse maskene og då blir jo prisen deretter. Kanskje eg legger ut eit par stykker etterkvart berre for å lodde interessa. 


Eg har vore flittig i sommar og laga masse nye ulldyr, mange av dei kem til å havne i eplabutikken etterkvart, andre blir spart til julemarknader og slikt. Eg har ikkje tal på kor mange kaniner eg har no. Nokre av dykk har kanskje sett det på facebooksida allereie men her er eit bilde frå ein liten photoshoot i skogen:

måndag 1. august 2011

Vekas tilbud - grå velour


Då er ferien over, og kvardagen over oss igjen, på godt og vondt. Hos oss står barnehagetilvenning for minstemann på plakaten denne veka, eg trur og håpar det skal gå bra! Guten treng vel bukser i fleng til barnehagelivet, og han skal få seg nokre par i økologisk bomullsvelour, tenkte eg. Nytt tilbud i butikken denne veka (etter eit lite opphald førre veke) er den grå velouren, mjuk og deilig 100% økologisk bomull. Denne veka får du 20% avslag på dette stoffet, til og med søndag 7. august. Tilbudsprisen er då 148,-  mot normalt 185,-!