onsdag 17. november 2010

Julegåvetips # 2 - Babyteppe i flanell

 Neste julegåvetips er dette lune og gode babyteppet i friske fargar! Det er laga av økologisk bomullsflanell og det er kjapt og enkelt å sy. Og best av alt - no kan du få kjøpt materialpakkar i butikken, nok til å sy eit teppe på rundt 80 x 80 cm!
Både turkis og rosa pakke er å få kjøpt, foreløpig har eg berre sydd eit i turkis, difor er det berre bilder av dette... Pakkane kostar 190,- og i tillegg treng du noko til bakside. Då kan du bruke den kvite bomullsflanellen vår, for anledninga sett ned til 120 kroner meteren. Eg tenkte på å lage pakkar med baksida inkludert, men det kan jo tenkast at folk vil bruke andre stoffer der. Difor blei det slik. Du treng også noko til for om du vil ha det, eg har brukt bomullsvatt men du kan også bruke andre ting, f.eks. eit ekstra lag flanell.
Flanellen er laga av amerikanske Cloud 9 Fabrics, i bloggen deira kan du finne oppskrift på eit enkelt lappeteppe om du treng det! 
Dette teppet er allereie gitt bort til ein heilt ny liten nevø, håpar han får god bruk for det!

3 kommentarer:

  1. Gu kor skjønt det var? Kanskje du syr på bestilling? Hihi

    Klem Frøydis

    SvarSlett
  2. Åshild fekk eit slikt teppe i presang, men med anna stoff. Kjempefint babyteppe til varme sommardagar, eller til å ligge på på golvet. No blir det brukt til å kose med når ho skal sove.

    Una

    SvarSlett
  3. Det er kjemepelett å sy sjølv, Frøydis!

    Bra vesle Åshild likar kosetepper då, Una.

    SvarSlett