fredag 3. desember 2010

Julegåvetips # 4 - Brevmappe

Det nærmar seg med stormskritt og for oss som har planar om mange heimelaga gåver i år er det berre å henge i. Her er siste tilskot hos meg, ei enkel mappe med kort og konvoluttar til den som "har alt" og ikkje ønsker seg noko. Ved å velje motiv på korta spesielt til den som skal få dei kan ein tilpasse gåva til mottakaren.

Eg har brukt Ellie Poo-kartong og konvoluttar som inneheld 25% bearbeidd elefantmøkk, og då måtte det jo berre bli elefantmotiv på korta! For å lage sjølve mappa brukte eg to A4-ark av kartongen, printa det eine med tittel og "vannmerke" på høgre halvdel og bretta det i to. Det andre arket bretta eg også dobbelt og så klipte eg ut "lommer" med passande kurver. Dei to lommene sydde eg fast på innsida av mappa, ei på kvar side. 
Korta er A4-ark som er printa med motiv, så delt i to og bretta dobbelt. Då blir det to doble kort av kvart ark. Det blei ikkje plass til fleire enn fem kort i denne mappa, men det er jo eit bra tal det!
Vanskelig å ta bra bilder i dårleg vinterlys! Eg valte å bruke gamle elefantmotiv fordi eg syns det passar til papiret. Slike vintagebilder kan ein finne fleire plassar på nettet, The Graphics Fairy har på tusenvis av gratis clip art bilder ein kan bruke utan å tenke på kopibeskyttelse og sånt. Elles kan ein også få kjøpt mykje fint på Etsy for ein billig penge, her er eit kjapt søk på "vintage digital images".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar