laurdag 14. mai 2011

Dagen loppefunn: Jærstolar

Då eg var lita pleide eg og resten av familien å tilbringe alle helger og feriar i sommarhalvåret i kårhuset på garden der far min er frå. Me kalte huset "Nyastovo" sjølv om det i realiteten var rundt hundre år gamalt. Det var eit typisk lite vestlandshus frå den tida, raudmalt med kvite glas, stove og kjøken nede og to små soverom oppe. Det var straum i huset, men ikkje innlagt vatn og ikkje baderom. Besteforeldra mine budde jo i huset ved sidan av så me brukte badet der, og vatn hadde me rikelig av i brønnen. 
Eg huskar desse somrane som eviglange. Me budde i ei leiligheit i byen men kvar fredags ettermiddag pakka me bilen og sette kursen innover. Eg syns det var som å komme til paradis når me var framme. Og det er klart det var det! Masse tumleplass, grøne bakkar fulle av kvite lam, fjøra eit steinkast unna og ei snill bestemor som alltid hadde sjokolade i skapet. Livet blir vel ikkje betre enn det når du er sånn cirka seks år, trur eg.

Eg har masse sterke minne i form av sanseinntrykk frå den tida. Eg huskar godt korleis det var å stå utanfor huset om kvelden og pusse tenner mens doggen allereie hadde lagt seg i graset slik at eg vart våt på føtene. Når eg hadde lagt meg i senga og skulle sove, blei eg liggande og kikke på alle kvistane i treverket i taket. Dei danna mønster, vart til auge og snutar, og snart såg eg revar, kattar og allslags dyr der oppe. På golvet i stova låg det eit reinsdyrskinn, og eg elska å stryke gjennom pelsen med fingrane. Og så huskar eg at eg ikkje likte å sitte ved kjøkkenbordet og ete. Der var det nemlig stolar med fletta sete, og reipa i dette flettverket stakk meg i låra når eg sat der. Ytterst ubehageleg, syns eg då. Men det kan ikkje ha vore så ille, for eg huskar framleis stolane som veldig fine. Seinare har eg lært at det var jærstolar, og at dei er å rekne som ein norsk designklassikar.
Jærstolar har blitt laga på Jæren i over hundre år. Det er enkle men solide trestolar med sete av fletta sjøgras. I starten var det mange lokale produsentar, og stolane blir laga den dag i dag ved minst to fabrikkar. Dei har vore ein jevnt populær klassikar i norske interiør gjennom heile 1900-talet, og er det framleis. Då me flytta inn huset vårt for tre-fire år sidan var eg fast bestemt på at eg ville ha jærstolar. Heilt nye kostar dei bortimot 2500,- stykket, og det var jo heilt uaktuelt. Så var det å tråle Finn.no, men det var lettare sagt enn gjort ettersom det er stor rift om jærstolar. Men nedeleg hadde eg lukka med meg og fekk kapra fem stk til ein god pris. I følge seljaren er dei 40-50 år gamle, men det er veldig fint brukte og stø som fjell. dei er av typen Aksel med tre spilar i ryggen, og eg elskar dei! Eg har skrubba dei med grønnsåpevatn og pussa dei ned med sandpapir, og no er dei nesten like fine som nye.
 Så kom mannen min over ei annonse til forleden, det var ei dame som skulle rydde loftet og ville kvitte seg med fire stolar til. 50,- pr stk, skulle ho ha. Røvarkjøp! Egentlig har me jo stolar nok men eg klarte ikkje la vere så no har me jammen fire stolar til. Kan jo komme godt med når me har masse folk i huset, seier eg til meg sjølv. Desse er malte, i ein fin litt pistasjegrøn farge. Litt slitte i malingen, men enn så lenge likar eg dei godt slik dei er. Det morsomme er at desse er av Slåke-typen, dei har litt annleis "frambein" og er litt høgare, og eg syns det er sprøtt at noko så lite kan gjere så mykje for det generelle uttrykket. 
Slåke til venstre, Aksel til høgre
No gjenstår det berre for oss å bestemme oss for om det er dei trefarga eller dei grøne me skal ha framme til kvardags. Kanskje me til og med kan veksle litt på dei, skifte dei ut slik andre folk byter gardiner etter årstida? Hmm, kanskje me skulle hatt fire sett...

Heldigvis hadde eg svært god hjelp under skrubbinga av alle desse gamle jærstolane, elles hadde det tatt lang tid!
(Det er visst lang tid sidan eg lova å vise loppefunn kvar lørdag, men sidan sist har pc'en min fått ein treklosse i høg fart rett i skjermen, og er vel meir eller mindre avliden. Men eg skal prøve å få det til no framover!)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar