torsdag 22. desember 2011

Snøkrystallar

Den gode gamle papirsnøkrystallen har fått ein renessanse her i huset. Eg klipper og klipper, og syns det er like moro å sjå korleis mønsteret blir kvar gong eg opnar krytallen. Akkurat som då eg var lita jente. Enkel og effektfull julepynt, spør du meg, og ekstra fint blir det om ein klipper figurative motiv. Berre pass på at motivet ditt er symmetrisk, så klipper du ut eine halvdelen på den samanbretta papirtrekanten. Her har eg klippa bjeller, kristtornblad og juletre.

I gamle dagar bretta ein over og over slik at det til slutt blei 8 spissar på krystallen. Det blir veldig tjukt å klippe gjennom, så eg likar betre dei med litt færre spissar. Snøkrystallar i naturen har seks spissar, her kan du sjå korleis du kan brette for å få det slik. Eg har også laga eit par med fem spissar, her ser du korleis du brettar då.

Vinterlyset på årets kortaste dag ga ikkje optimale fotoforhold, men eg er i alle fall godt nøgd med julevinduet mitt. Så då gjenstår det berre å ønske riktig, riktig god jul til alle der ute, håpar me alle får eit strålande nytt år!

Grantrea av papir er laga etter oppskrift i Eplas Julebok

måndag 5. desember 2011

Senka prisane i tilbudskategorien

Ja, enno er det litt ymse igjen av salget, no har eg sett ned prisane endå meir. Mange av desse er det berre 1-2 meter igjen av, og eg vil gjerne ha dei ut av huset før jul! Fraktprisane vil jo også stige frå 1. januar, så det kan vere ein fordel å bestille no om du skal ha noko. Ta ein titt då, vel!

måndag 28. november 2011

Fri frakt i tre dagar til!

Ja, november går mot slutten og snart er julemånaden over oss for alvor. Det betyr at no må du skunde deg om du skal sikre deg godbitar frå nettbutikken med gratis frakt!

Eg burde ha kome med nye julegåvetips men eg har jammen ikkje hatt tid til å lage noko som helst anna enn julemus. Denne helga som var gjorde eg meg ferdig med tredje og siste julemarknad for i år, og no har eg ikkje tal på kor mange sånne små eg har laga:

No har eg bestemt meg for å roe ned i desember. Det har vore veldig hektisk i november og i år vil eg ha ei fredeleg førjulstid med ro og overskot til å gjøre alle dei familietinga som eg har lyst til å gjøre. Så no syr eg ikkje fleire julemus, trur eg... Eg har jo nokre maskebestillingar og litt sånt å kose meg med så eg blir nok ikkje altfor stillesitjande uansett tenker eg! Nokre mus har eg enno, dei er å finne i Blåbærbutikken om nokon er interessert. Og oppskrifta finn du jo i Eplas julebok, om du har lyst til å prøve å sy sjølv!

torsdag 24. november 2011

Sy ein fargeblyantrull

Ja, eg var litt usikker på kva eg egentlig skulle kalle dagens julegåvetips - så blei det altså fargeblyantrull. Men ein sånn ein kan jo brukast til andre ting også, eg har for eksempel sydd ein slik til strømpepinnene mine. Denne gongen er det ein mindre variant, som eg tenkte skulle høyre til glidelåspungen eg sydde sist. Det fins massevis av oppskrifter på nett som visar korleis du lagar ein sånn, for eksmpel denne. Eg brukte ikkje strykeinnlegg slik som er vist der, men eit mellomlag av flanell. Også brukte eg heller ikkje knyteband til lukninga, men ein hårstrikk og ein knbapp, eg tenker at det er lettare for små hender å fikse. Elles skulle eg ønske eg hadde laga lommene litt smalare, for desse blyantane her har ein tendens til å skli ut, lomma blir for laus. Kanskje eg skal kjøpe ein pakke med litt tjukkare fargekritt som vil sitte betre på plass?




tysdag 22. november 2011

Sy ein glidelåspung

Har de sett at eg har fått inn nokre nye stoffer? Økobomull frå Robert Kaufman, designaren er Ann Kelle. Tre variantar ligg inne i butikken, eit grønt med bilar, eit lyseblått med fly og eit brunt med helikopter. Her er dei avbilda saman med dei einsfarga stoffa som matchar. Skjønne, ikkje sant? Egentlig skulle eg fått inn eit i petrolblått med små tog også, men det er forsinka frå leverandøren.
I dag tenkte eg at eg skulle vise ein glidelåspung som eg tenkte gi til ein av nevøane mine til jul, den skal fyllast med kjekke ting som sånne smågutar likar. Det fins drøssevis med oppskrifter på korleis sy slike pungar ute på verdsveven, feks denne på norsk, eller masse her på engelsk, mange av desse er nok mykje meir detaljerte enn min beskrivelse her. Men det som eg ofte slit med når eg skal sy sånne pungar, er hjørna øverst. Eg syns det blir klumpete og skjeivt der glidelåsen går nedi pungen, og får det liksom ikkje fint. Men så har eg jo sett rundt om kring på internettet at nokon skjøter på små stoffstykker i kvar ende av glidelåsen, så det ville eg prøve meg på.  Og i same slengen kan eg jo forklare korleis eg gjekk fram.

Her er det du treng:
2 stykker utterstoff så store som du vil ha den ferdige pungen + 1 cm saumrom på kvar side
2 stykker forstoff i same storleik
4 små stykker stoff som matchar ytterstoffet, like breie som glidelåsen og ca 4 cm lange
1 glidelås ca like lang som pungen

Eg brukte helikopterstoffet og det grøne pærestoffet, og ein knall oransje glidelås som sto fint til.



 1. Legg to småstykke i kvar ende av glidelåsen, eit oppå og eit under. Sy dei fast slik som dette, saumen skal vere om lag 3 cm innforbi kanten av hovudstykket:
 2. Klipp av endane på glidelåsen og brett og press stoffbitane ut mot endane. No ser du at glidelåsen inkludert dei påskjøtte bitane er like lang som ytterstoffet:

3. Legg det eine ytterstoffet med rettsida opp. Legg glidelåsen med retta ned oppå, og eine forstoffet med retta ned på toppen, slik som dette. Bruk glidelåsfot om du har og sy lang den øvste kanten. Du må sikkert flytte litt på glidelåshovudet undervegs for å komme ordentlig til, då er det lurt å ha nåla nede for å halde laga på plass.
 4. Når du no opnar opp ser du at glidelåsen ligg fint mellom ytterstoffet og forstoffet.
 5. Brett forstoffet bakover, press og sy ein stikning langs glidelåsen, bruk gjerne glidelåsfoten no også. Og som du kanskje ser så har eg glemt å stille opp stinglengda på symaskina, saumen blir mykje finare med lengre sting.
 6. Så skal andre sida syast fast. Same rekkefølge som i stad, ytterstoff nederst med retta opp, glidelåsen oppå med retta ned og forstoffet øverst med retta ned.
 7. Sy saumen, og sy ein stikning slik som under pkt 5.
 8. Så skal du brette over stoffa slik at foret er på eine sida av glidelåsen og ytterstoffet på andre sida. Sett gjerne fast med nokre nåler. NB: no må du opne glidelåsen sånn ca halvvegs, elles får du ikkje vrengt pungen etterpå!
 Eg syns det blir finastnår det vesle mellomrommet ved glidelåsen blir bretta nedover mot foret:
 9. Sy rundt heile kanten, men la det vere ei opning nederst på foret til å vrenge gjennom. Klipp av ein liten trekant ytterst på hjørna.
 10. Vreng pungen ut gjennom opninga. Bruk ein strikkepinne eller noko liknande for å få hjørna vrengt heilt ut. Sy igjen opninga med ein stikning tett inntil kanten. Gi pungen ein omgang med strykejernet mens foret er ute, etterpå vrenger du foret ned i pungen.

 Då er du ferdig, og det er berre å finne noko å fylle den opp med!

søndag 20. november 2011

Gåvetips til dei minste: skilpadde

Eg har lenge tenkt på å lage eit mønster til ei skilpadde, men så kom eg over dette mønsteret ein dag! Enkelt og lettforståeleg, og skilpadda er kjempesøt. Du treng ikkje meir enn nokre stoffrestar og litt fyllmateriale så har du ei fin-fin gåve til smårollingar. Ein kunne til og med hatt ei bjelle eller noko som skranglar inni, så kunne den blitt som ei rangle (tips: ha eit par riskorn i ein sånn gul boks som du får i kinderegget - perfekt skranglemateriale) . Eller du kan bruke den sjølv som nålepute!
Eg syns det var ein kjempesmart måte å vise fram favorittstoffa, var den ikkje fin i desse grøne og blå tonene? Eg har brukt grøn hortensia, blå tusenfryd, Ocean | Blue og Speckle | Sky. Det grøne einsfarga er Pære.