torsdag 16. juni 2011

Sy eit vendbart hårband!

Vil du sy eit slikt kjapt & enkelt hårband? Last ned malen her. Skriv det ut på ei A4-ark, sjekk at måla stemmer. Dette hårbandet er berekna på barn, om du vil lage til voksen anbefaler eg å forlenge mønsteret litt. Du kan gjerne lage det litt breiare på midten også. I barnestørrelse er hårbandet (utan strikk) ca 40 cm langt. Til voksen bør det nok vere 50, legg altså på 5 cm til på malen. 

Bruk malen og klipp ut tre delar, ei framside, ei bakside og eit mellomlag.  Malen er berre halvparten av hårbandet, klipp ut av dobbelt stoff slik at brettekanten på stoffet kjem på brettekanten på malen. Saummonn er inkludert i malen, du treng altså ikkje legge til noko. Eg brukte to matchande stoffer til fram- og bakside, og eit vanleg kvitt bomullsstoff til mellomlag.
Legg mellomstoffet nederst. legg baksida oppå, med retta opp. Ta eit stykke strikk og legg oppå der igjen. Eg brukte noko gamal knapphullsstrikk. Du kan bruke kva som helst berre det ikkje er for smalt - då kan det bli ubehageleg å ha på. 1-2 cm bredt er fint. Ikkje tenkt på lengde enno, me klipper det av seinare. Hvis du berre har ei kort lengde strikk, kortare enn hårbandet, så fest ei sikkerheitsnål i enden allereie no.
Legg framsidestoffet øverst, med retta ned. Sett et par nåler slik at strikken held seg i midten.
Sy ein saum rundt heile greia om lag 1 cm frå kanten, men la eine kortsida vere open.
Klipp av hjørna slik at hårbandet blir fint når du vender det.
Ta tak i strikkhalen, og dra. No skal du vende heile hårbandet gjennom den opne kortsida.
Du må kanskje hjelpe litt til i starten med ein strikkepinne eller liknande.
Dra i vei til heile bandet er snudd med retta ut.
Bruk einn strikkepinne eller liknande for å dytte ut hjørna i kortenden skikkelig. Stryk hårbandet.
Brett inn råkantane i den opne kortsida og press.
No skal du klippe av strikkhalen, det kan vere lurt å måle på barnet kor lang strikken skal vere. Ein god tommelfingerregel er å bruke hovudomkretsen på barnet, trekke frå dei 40 cm som er sjølve hårbandet, og ikkje legge til saumrom på strikket. Då blir det som regel passe stramt. Stikk den avklipte strikkenden inn i opninga og nål fast.
Sy ein stikning rundt heile hårbandet, slik at den opne kortsida blir lukka.
Snu og vend litt på hårbandet, og sjå kor fint det er i sollyset på syrommet.
Finn ein meir eller mindre motvillig fireåring og tre det på.


tysdag 14. juni 2011

Skjørtefint

I dag viser eg fram skjørt! Det høljar ned igjen her i Bergen, men blomstrete sommarskjørt kan ein gå med likevel. Barbro har sydd snurreskørt i grått, det må eg seie blei veldig vellukka:
 Her er eit kappeskjørt eg sydde til ei niese til jul (bilda er tatt i dårlig vinterlys, ikkje heilt optimalt):
Eg har for ein gongs skuld sydd noko til meg sjølv. Her for ei tid tilbake kjøpte eg boka "Sew Serendipity", og måtte berre sy ein av skjørtevariantane. Nydelig bok med lettfattelege og gode mønster, anbefalast! eg var redd dette skulle bli i overkant mykje blomar og rysjer, men eg syns det funkar. Det er definitivt det mest feminine plagget i skapet mitt for tida!
 
Jenta i huset var vilt begeistra, ho meiner mora har altfor lite rosa klede. Ho ønska seg sporenstreks eit skjørt ho også, og det fekk ho, sydd på same måte som det blå kappeskjørtet lengre oppe:
Har du lyst til å sy eit slikt kappeskjørt? Her har eg skildra korleis eg gjorde det, med steg-for-stegbilder.

Alle desse skjørta er sydde av økologiske bomullsstoffer frå Westfalenstoffe, som er på tilbud denne veka! husk også at du kan vinne stoffpakkar frå denne serien.

Sy eit kappeskjørt!

For å sy eit kappeskjørt til ei lita jente må du først måle henne rundt hoftene. Så må du bestemme kor langt skjørtet skal vere. Om du vil ha tre høyder på skjørtet må du ha tre rektangel med stoff, med aukande vidde. Dei kan vere like høge, eller du kan velge å ha tre ulike høgder. Men tilsaman må dei tilsvare den totale høgda du vil ha på skjørtet. Legg til litt saumrom på kvar, og legg til 5 cm til løpegang på det øverste stykket (livstykket).
Livstykket treng ikkje vere så vidt, men ho må kunne få det over hoftene og opp til livet. Eg la til 15 cm på hoftevidda, pluss to cm i saumrom. Vidda på kappene er litt vanskelegare å rekne ut, det kjem heilt an på kor mykje rynking du vil ha på stoffet. Eg gjekk for middels, og her er måla på dei stykka eg brukte:

Livstykke: 77 cm x 25 cm
Første kappe: 110 cm x 25 cm
Nederste kappe: 180 cm x 20 cm
Jenta mi er fire år gamal og ca 50 cm rundt livet, skjørtet blei faktisk litt langt på henne men det betyr jo berre at ho kan bruke det i lang tid framover! For ordens skuld: gå over alle saumrom med sikksakk eller overlock etter at du har sydd saumane. 
Brett livstykket dobbelt på tvers, rette mot rette. Nål og sy saman kortsidene. Snu rettsida ut og press saumen.
Så er det tid for å rynke første kappe. Det fins masse vegvisarar på nett, kanskje har du til og med rynkefot, eg pleier berre å skru opp stinglengda og trådspenninga på maks, så rynkar stoffet seg fint sjølv. Det blir ikkje kjempetette rynker men eg syns det er akkurat passe. På bildet har eg sydd dobbel rynkesøm men det er egentlig ikkje nødvendig med mindre du har tenkt å rynke stoffet saman endå meir for hand.
No har du ei lang remse med rynking i eine langsida. Mål den opp i forhold til livstykket, du vil ha ein del å gå på. Sy kappa saman i kortsida slik at opningen blir like stor som omkretsen på livstykket. Ikkje klipp av det overskytande før du har sydd kappa fast! Då vil nemlig rynkinga gå ut.
Nål kappa fast rette mot rette med livstykket, og sy fast heile vegen rundt. Pass på at dei to saumane (som blir midt bak på skjørtet) hamnar på same stad og begynn å sy ca ein cm etter denne. Når du har kome nesten heilt rundt, ein cm frå midt-baksaumen frå andre sida, kan du klippe av det overskytande stoffet på kappa. Press saummonnet på kappa si sidesaum frå kvarandre med fingeren og sy fast dei siste to cm av kappa til livstykket.
 Slik ser det ut når du snur! Stryk saumrommet opp mot livstykket og sy ein stikning rett over kanten.
 Brett den nederste kappa dobbelt på langs og stryk.
Rynk den på same måte som første kappe, men ikkje sy saman kortsidene enno.Nål fast til nedre kant av førstekappa, rette mot rette, sørg for at nedre kappa "stikker ut" litt på kvar side av saumen midt bak. Sy fast som over, men denne gongen med to cm klaring på kvar side av saumen midt bak. Dette stadiet har eg ikkje bilder av, så de får prøve å bære over med meg når eg skal forklare med ord.
Klipp av det overskytande kappestoffet i kvar ende, men la dei overlappe med to cm. Brett inn råkanten på den ein delen, slik som dette (ignorer at kappa her ikkje er festa til skjørtet, dette er berre for å illustrere):
Stikk råkanten på den andre sida av kappa inni opninga, og sy ein saum utanpå. Då er kappa lukka, og du kan sy dei siste fire cm fast til førstekappa. Puh, håpar det var forståleleg! 
Stryk saumrommet mot førstekappa, og sy ein stikning rett over kanten. No har du noko slikt som dette:
 Så er det berre løpegangen igjen. Brett inn først ein cm, så fire cm øverst på livstykket, stryk. Legg gjerne inn ein båndbit ved saumen for å vise kva som er bak og fram, det likar i alle fall jenta mi at eg gjør. Då går påkledninga litt lettare... Sy ein saum i nedre kant av løpegangen.
Tre inn eit stykke strikk ca tre cm brei. Strikken må vere så stram at den sit godt rundt livet. Eg syns det funkar å bruke livvidda og så ikkje legge til sømrom på strikken, då passar det som regel bra. Men det kan vere lurt å teste først. Tre med ei sikkerheitsnål eller liknande, sy saman strikken i kortsidene med sikksakk.
 Og så er skjørtet fiks ferdig, ta det på og snurr i veg!

måndag 13. juni 2011

Westfalenstoffe - blomstrande sommar!

Denne veka skal me sjå nærmare på ein sommarsøt serie frå Westfalenstoffe - eg håpar det kan lokke fram sola og varmen for den manglar i grunnen enno her på våre kantar. Kvar dag, mandag til fredag, kjem eg til å vise fram saker og ting sydd av desse stoffa, og alle dagane kjem eg også til å komme med ein liten oppskrift. Ikkje minst er det 25% rabatt på heile denne serien til og med søndag!
Vimplar sydd av Barbro
Også skal eg gi bort litt i løpet av veka. Etter prinsippet om at det er betre med fleire små premiar enn ein stor loddar eg ut stoffpakkar til fire heldige vinnarar, ein grå, ein blå, ein raud/kvit og ein blomstrete. Legg igjen ein kommentar på dette innlegget for eitt lodd, om du blir/er følger av bloggen får du eit lodd til, og om du linkar hit med bildet under får du eit tredje lodd. Eg satsar på å trekke vinnarane neste mandag.
Eg har hatt hjelp frå to personar til å sy opp ting av desse fine stoffa, det er mor mi (som i si tid lærte meg å sy på ein gammal Husquarna) og dyktige Barbro frå Barbros lille atelier. Takk så mykje! 

I dag er tema dekorasjon. Vimplar er i vinden og har vore det lenge - sjølv blir eg visst aldri lei. Kjapt og enkelt å sy, kvifor ikkje lage fleire sett så kan du bytte dei ut etter årstid, humør eller anledning. Desse i rosa og kvitt frå Barbros lille atelier er kjempefine, ho har også laga hjerter som passar til. 
Barbro har også sydd ei nydeleg lita ugle:
Sjølv klarar eg ikkje fri meg for dyreformene, denne gongen blei dei ein liten fugl til pynt og glede. (Og forresten, er ikkje blåfargen på døra til syrommet mitt fin? Eg trur den er original frå då huset vart bygd på 1950-tale)
Har du lyst til å sy ein sånn fugl? Då kan du få oppskrift og rettleiinga her. Det er kjapt gjort og alt du treng er nokre fine stoffrestar og litt fyllmasse.

søndag 12. juni 2011

Sy ein fugl!


Last ned mønsteret herfra. Skriv det ut på eit A4-ark slik at bildet dekker heile arket for å få rett storleik på mønsterdelane. Eg likar å bruke eit stoff til buken og eit anna til sidene, syns ofte det blir finast å bruke eit litt lysare stoff på buken. Klipp ut ein bukdel og to sidedelar med vel 0,5 cm sømmonn - husk at dei to sidedelane skal vere speilvendt! Teikn inn avmerkingar og innsnitt. Pass på at det du brukar til å teikne med ikkje vil vise gjennom på rettsida av stoffet, eg brukte ein blyant og teikna svakt.
Brett bukdelen dobbelt rette mot rette og sy innsnittet.

Slik blir det på retta:
Nål saman bukdelen og ein sidedel rette mot rette frå punkt A til punkt B. Bruk mange nålar spesielt i kurvene under nebbet! Hvis du er veldig tålmodig er det sikkert best å tråkle i staden for å nåle, då blir det lettare å få eit fint resultat. Så tålmodig er ikkje eg. Legg sidedeln opp når du skal sy delane saman, og følg markeringa du har teikna på stoffet når du syr frå A til B. Sy i roleg tempo, prøv å få kurvene så jevne som mulig.

Ferdig:
Nål fast sidedel 2 til andre sida av bukdelen, rette mot rette, og sy på same måte.

Nål fuglen saman i hovudet og på ryggen. Husk at det skal vere ein opning mellom punkt C og D!
Sy frå A til C, og frå D til B. For å lage opningen på ryggen pleier eg berre å feste tråden ved å sy litt tilbake når eg kjem til punkt C, før eg løfter symaskinfoten og skyver arbeidet frå meg til punkt D havnar under nåla. Så senker eg foten og startar på den nye sømmen. det er meir effektivt enn å drive å dra fuglen ut frå symaskina, kutte trådar, legge den inn igjen og sy vidare. Og så slepp ein så himla mange trådendar! No er det berre å kutte tråden som er strekt mellom punkt C og D etterpå.
Klipp små hakk i kurvene, spesielt under nebbet og på brystet til fuglen.
No skal den sjå nokolunde slik ut:
Vend fuglen gjennom ryggopninga. Det kan vere vanskelig å vende nebbet, bruk gjerne ei strikkepinne eller liknande men ver veldig forsiktig! Plutselig har den gått gjennom. Det er betre å lirke forsiktig enn å bruke makt.
Fyll fuglen med det du måtte ønske, eg likkar å bruke ull. Bruk bittesmå mengder om gangen i nebbet, og pakk det godt saman underveis. Det fins eigne reiskapar med bittesmå gaflar i tuppen for å fylle dukker og kosedyr, men eg syns det fungerar like godt med ein blyant der tuppen er knekt av. Den litt flisete tuppen held ulla fast når ein skal lure den inn på riktig stad, og pakkar den fint saman.

Fuglen held forma best om du fyller den ganke full. jo fastare den er, jo meir symmetrisk vil den bli også. Når du er nøgd med fyllinga, er det på tide å lage hempe. Eg brukte eit bomullssnøre på ca 20 cm, stakk nåla frå innsida og ut rett over ryggopninga.
Lag ei løkke og stikk nåla inn igjen på innsida, knyt endane saman og trekk i løkka slik at knuten hamnar på innsida av ryggsaumen.

Så lukkar du ryggopninga med stigesting (trur eg det heiter på norsk?).
Fest tråden godt, og stikk nåla ned ved sømmen og ut igjen ein tilfeldig plass på fuglen. Trekk i tråden så knuten senkar seg ned og blir gjemt, og klipp av tråden heilt inntil kroppen.

Fiks ferdig, heng opp! Legg gjerne igjen lenke om du syr ein slik, eg har kjempelyst til å sjå.

onsdag 8. juni 2011

Velkommen til sommarfest neste veke


Neste veke blir det sommarfest hos Lin & Papir! Då har me fokus på dei søte og sommarlege stoffa frå tyske Westfalenstoffe, kvar dag kjem eg til å vise fram fine ting laga av desse stoffa og innimellom vankar det eit par oppskrifter/tutorials også. Heile veka får du 25 % rabatt på heile kolleksjonen, og ikkje minst blir det gi-bort!

Her er ein liten smugkikk på det som kjem:


Så følg med neste veke, velkomen skal  vere!