onsdag 9. november 2011

Gratis frakt ut november!

No er det altså berre å henge i om du har tenkt å sy julegåvene sjølv i år. Og om du treng inspirasjon så kan du følge med her, for eg kjem til å skrive litt om tips til ting ein kan lage her i bloggen framover. Og om du treng stoff, så finn du sjølvsagt mykje fint i nettbutikken min - og frakta er gratis ut månaden! Og det er enno ein del fint igjen på salg, også.

Så, kva skal me lage i dag, tru? Noko til småjentene som likar å pynte seg på håret! Eg har jo sjølv ei på 4, og ho er veldig glad i hårklemmene sine for tida. Men ho har store problem med å halde styr på dei, så eg tenkte eg skulle få laga ei slik snedig klemmetavle som Barbro har skrive om bloggen sin. Her har ho brukt det blå tusenfrydstoffet mitt, det er så friskt og fint i fargane! 

Barbro visar også korleis ein kan lage større tavler til meir enn berre klemmer, her kan du oppbevare fine bilder, nøklar, lappar og mykje anna. På denne har ho brukt storkenebbstoff:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar