torsdag 17. november 2011

Vridd skjerf - oppskrift

Har du sett desse møbiusskjerfa som er populære i strikkeverda for tida, som dette eller dette? Her om dagen fekk eg lyst til å prøve meg på å sy noko slikt, eit skjerf som kunne fungere på fleire måtar. No syns eg jo eg har så mange fine stoff på lager, med fargar og trykk som eg gjerne vil vise fram. Då er dette prosjektet perfekt, på ein kjapp og enkel måte kan du lage fargerikt tilbehør som piffar opp antrekket. Eg lagde to, eit av lappar og eit av eit enkeltstoff. Det kan brukast både over skuldrane som eit sjal, kanskje det kunne vore fint over ein kjole når du verkeleg skal pynte deg? 

Eller du kan surre det dobbelt om halsen slik som dette, denne kaufmanbomullen som eg ha brukt her er så lett og mjuk at den er kjempefin å ha så tett på huda:

På dette skjerfet har eg brukt eit trykk i limegrønt og kvitt, eg syns det gjorde seg godt saman med grått.

Her er lappevarianten, der eg har brukt fire ulike trykk frå Pick a Bunch-kolleksjonen til Nancy Mims. Dei er jo så fine saman!

Og her har fotografen (mannen i huset) begynt å bli kald og lei, så dette er det beste bildet eg har av dobbel surring med dette skjerfet:

Kunne du tenke deg å sy noko slikt? Her har du oppskrifta!
Til eit skjerf treng du to lengder på 25 x 140-150 cm om du berre brukar eitt stoff. Til lappeskjerfet brukte eg 16 lappar på 20 x 25 cm, fire av kvart stoff. Då passar det kjempefint med 4 kvartmetre (fat quarters). For anledninga har eg laga ein pakke med dei same stoffa som eg har brukt her (fri frakt er det også, heile november). Du kan sjølvsagt bruke andre storleikar på lappane avhengig av kva stoff du vil bruke, men det skal må utgjøre to lengder på 140-150 cm til slutt.

1. Klipp/skjær til dei lappane du skal ha og legg dei ut for å finne den rekkefølga du vil ha. Du kan ha remsene heilt like eller du kan gjøre dei ulike - eg valte det siste.
 2. Sy saman lappane til to remser på 140-150 cm. press saumane opne.
 3. Legg remsene rette mot rette og sy langs langsidene men begynn og slutt ca 5 cm frå begge kortendane!
 Alle hjørna skal sjå slik ut:
 4. No har du ein tube, vreng den slik at retta kjem ut. Press saumane.
 5. Vri tuben ein omgang.
 6. Brett inn endane på tuben mot midten. Ser du at eg har bomma litt her og endt opp med same stoffet i dei endane som skal syast saman? Uproft...
 7. Brett opp enden på tuben der du lot det vere 5 cm opning i pkt 3.
 8. Nål fast dei to baksidestoffa på tuben rette mot rette. Sy.
 9. No skal dei to framsidestoffa nålast saman rette mot rette, her må du etterkvart vrenge tuben litt for å få det til. Sy.
 10. No ser det sånn ut, tuben er sydd saman til ein sylinder men det er framleis opningar på begge sider av den siste saumen du sydde.
 Stikk handa gjennom, ta tak i den eine opninga og vreng den ut gjennom den andre.


Sy igjen opninga og vreng tilbake.

11. Sy igjen den siste opninga for hand, sjølv brukar eg alltid stigesting når eg vil at saumen skal bli så usynleg som mogleg.
Det var det, no er det berre å tre det på!

3 kommentarer:

  1. Så fint det ble! Og for en lur julegave :) Du er flink altså!

    SvarSlett
  2. Så stilig!!
    Takk for flott forklaring!

    SvarSlett
  3. Så fin, denne skal jeg prøve :D
    Takk!

    SvarSlett